Ølspalte: Pioneren

0

Tekst: Jørund Vatle Sandgren – Foto: Tomm W. Christiansen

Dei siste åra har det skjedd så mykje på ølfronten i Noreg at ein ikkje heilt klarar å ta inn over seg kvifor ein sit med ei hveteøl, ein porter eller ein IPA i handa når ein er på byn, i staden for pilsen som høyrer til heimbyen. For mellom ti og femten år sidan var det berre pils vi nordmenn drakk. Kva skjedde?

Eit bryggjeri som er enormt viktig i den norske ølrevolusjonen, er Nøgne Ø. Då Grimstad-bryggjeriet starta opp i 2002 var Noreg ein pilsnasjon. I det ein kom inn i ein bar eller ein utestad er det ikkje utenkeleg at diskusjonen ved bardisken handla om kva for pils som var den beste. Dei første øla som rulla ut av Nøgne var ein amber og ein pale ale, og bryggjerimeister Kjetil Jikiun prøvde heroisk å overtale barar og restaurantar til å ta i mot ølet. Men det var alltid den same replikken som kom som svar: «Folk her drikk ikkje sånt!»

Likevel, Jukiun var overbevist om at nordmenn tørsta etter alternativ, og den etterlengta mediemerksemda han og bryggjeriet trengte kom med juleølet God Jul, som eit av dei første øla frå Grimstad som kom på Vinmonopolet. «Sensasjonsbryggeriet Nøgne Ø gjør norsk bryggerinæring til latter», skreiv Dagens Næringsliv. Merksemda var kjærkommen. Det er ikkje alle øla som var lite elska, men Jikiun har tidlegare sagt at dei like gjerne kunne få terningkast éin som terningkast fem og seks, men aldri midt i mellom. «Signalet var: Elsk oss eller hat oss, men ikke tro at du kan være lunken eller ignorere oss». Dette sitatet viser kva Nøgne Ø handlar om, dei prøver så hardt dei kan og er flinke å eksperimentere, men for guds skyld ikkje kall dei middelmåtige.

Den norske ølrevolusjonen var eit faktum. Åra gjekk, og mikrobryggjeri etter mikrobryggjeri poppa opp. Nokon av dei vart større, deriblant 7Fjell i Bergen og Austmann i Trondheim, som for alvor har slått seg inn på den norske spesialølmarknaden. Nøgne Ø var pioneren. Dei som satsa. Dei som torde. Dei som ville. Men i 2013 byrja det å dukke opp rykter. Skulle verkeleg eit større selskap kjøpe seg opp i Nøgne Ø? Og for ganske snart tre år sidan var det bekrefta: Hansa kjøpte over femtifire prosent av aksjane.

«To flasker med den karakteristiske Ø-en vart sprotte, helt i halvliterglass og smakt på. Syrlig og fruktig IPA, tilsett sitrongras seint i gjæringsprosessen»

To år seinare forlét Kjetil Jikiun Nøgne Ø. I eit manifest publisert på Facebook-tidslina til Jikiun skreiv han at han følte Nøgne Ø trekte mot feil retning: godt nok, gjennomsnittleg, forsiktig, trygg. Middelmåtig. Dagleg leiar Tore Nybø sa til ølbloggen «Ølportalen» at Nøgne Ø derimot kom til å halde fokus på openheit og kvalitet. Han nemnde at dei no i samband med Hansa blant anna fekk sjansen til å få fleire kontaktar innan HoReCa-marknaden (Hotell, Restaurant og Catering), kvar han la til at Nøgne Ø ikkje hadde vore spesielt gode til dette før. Og det merkast eigentleg. Nøgne Ø er no å finne i tappetårn over heile landet. Eg veit ikkje heilt med deg, men eg kan i alle fall kjenne kompromissløyset og kjærleiken til øl i kvar dråpe eg drikk. Det handlar ikkje alltid om ølet, men kjærleiken som er gitt frå humle og malt til tapping til tappetårn til glas. Og augneblinken ein er i.

Månadens anbefaling kjem frå den gongen eg fann ein tohundrelappp på golvet på Beverly mot slutten av ein kjenslelada kveld på byn. Eg og ei veninne forlet gjengen og tok turen til Cementen, der tohundrelappen gjekk rett i øl. Og for eit øl! To flasker med den karakteristiske Ø-en vart sprotte, helt i halvliterglass og smakt på. Syrlig og fruktig IPA, tilsett sitrongras seint i gjæringsprosessen. Nøgne Ø Asian Pale Ale segla inn på førsteplassen blant dei personlege favorittane. Det er kanskje ikkje det beste ølet eg har smakt, heller ikkje den beste IPAen eg har smakt, men det er på toppen. Det handlar nesten meir om augneblinken enn sjølve ølet.

Nøgne Ø Asian Pale Ale er ikkje i Vinmonopolet sitt sortiment, men kan finnast på 
KIWI og enkelte Coop-butikkar, som Coop Obs og Coop EXTRA.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.