Årets beste film

0

terningFilm: Spotlight
Regi: Tom McCarthy
Skuespillere: Rachel McAdams, Michael Keaton, Mark Ruffalo
Sjanger: drama

Anmeldt av Jørund Vatle Sandgren

Kan du hugse sist gong du gjekk ut av ein kinosal i rein eufori, der alle kjensler og inntrykk ein fekk utanfor salen fall saman i ein augneblink som festa seg i minnet i lang tid framover?

Sist gong eg opplevde dette var etter Spotlight, som førre sundag vann Oscar for årets beste film. Ofte vil ein etter å ha sett teksten “Basert på ei sann historie” fare over lerretet prøve å finne ut kva for scener som er dramatiserte, og kva som er tatt rett frå røynda. Dette var ikkje tilfelle ved årets Oscar-vinnar. Historia om å lage ei god historie fangar deg frå første sekund, og held deg fast i eit godt grep heilt til rulleteksten sett deg fri att.

Handlinga er sett i Boston, midtsommaren 2001. Martin Baron, portrettert av Leiv Schneider, har nettopp tatt over det redaksjonelle ansvaret for The Boston Globe etter å ha blitt flydd inn frå Florida. Han tar over ansvaret for avisa i ei ny tid, der internett stel annonseinntekter frå papiret. Ein av dei første tinga han gjer, er å spørje avisas gravegruppe “Spotlight” om å legge til sides saken dei held på med no for å følgje opp ein kommentar publisert i avisa. Kommentaren er skrive av ein av dei andre i redaksjonen, og omhandlar skuldingar om seksuelle overgrep gjort av ein katolsk prest mot ein mindreårig gut. Sjølv om “Spotlight”-gruppa helst vel sine eigne sakar, vel dei no å følgje opp den ferske redaktørens førespurnad, og det viser seg fort at historia veks seg til å bli mykje meir innvikla og vidstrakt enn ein enkelt kommentar, og strekk sine raude trådar langt innover i Globe sin eigen redaksjonelle stab.

Filmen følgjer dei fire journalistane i “Spotlight”, og illustrerer utruleg godt korleis det er å jobbe så tett med ein så stor sak som omhandlar eit så ømfintleg emne. Gravegruppa har sin eigen redaktør, Walter Robinson, i filmen spelt av Michael Keaton, og ein ser tydeleg at ansvaret for å halde skjul i etterforskinga i så sensitive opplysingar i ein, etter amerikansk målestokk, så liten by som Boston tar på. Skodespelarprestasjonane er gjennomgåande gode, og det er tydeleg at regissør Tom McCarthy er tilhengar av “show, don’t tell”-omgrepet. I ei scene går journalist Sacha Pfeiffer, spelt av Rachel McAdams, i ein park med ein kjelde som fortel om overgrepa frå barndomen, i det dei nærmar seg ei katolsk kyrkje, perfekt dandert med ein leikeplass utanfor. Ei mor med ei barnevogn går roleg forbi, intetanande om samtalen som utspelar seg, ein samtale som vert ei viktig brikke i eit puslespel større enn nokon kunne fatte.

Spotlight handlar om ei fantastisk historie fortalt akkurat som dette tiårets filmmedium skal fortelje ei historie: gjennom god dialog. Den fortel om godt journalistisk handverk på ein måte som vil fange allmennheta. Sjølv om det ikkje alltid er tidsriktige bilar på totalbilete av motorvegen eller at den kan oppfattast langdryg då det er lite situasjonar i løpet av filmen, vil historia fortsatt engasjere. For meg er kjensla eg har etter ein film alt. Og eg håpar verkeleg at denne filmen vil skape ei kjensle som set ting i perspektiv hos andre og. Om det er ein film du skal sjå i år, så er det Spotlight. Få med deg noregspremieren på fredag!

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.