– Bokmål er like «unyttig» som nynorsk

0
NYNORSK: Toralf Larsen Vallestad skriver mener nynorsk bør bli likestilt med bokmål. Foto: Maria Akselvoll

Noreg har hatt to offisielle norske skriftspråk sidan 1885. Likevel er det ei ganske skeiv fordeling av kor mykje kvart og eitt av dei blir brukt i offisielle samanhengar. På papiret i norsk lov er dei begge jamstilte, men er dei eigentleg det i praksis?

Eg er ein av dei irriterande studentane som har klaga på kvar eksamen eg ikkje har fått på hovudmålet mitt. Det har ingen ting å gjera med at eg ikkje forstår bokmål eller prøver å vera irriterande, men det er ei prinsippsak for meg at eg gjerne vil få eksamensoppgåvene på mitt språk. 

Det at det er enklare for administrasjonar å berre bruka det eine språket fordi det er deira eige og fleirtalsforma i kommunen er jo det sjølvsagt forståeleg. Likevel legitimerer ikkje det at det er ok å la vera med å bruka nynorsk på i alle fall ting som gjeld eksamen og oppgåvetekstar. Her ligg problemet. Mange kritiserer nynorsken fordi han ikkje blir like mykje brukt som bokmål. Dei ser nettopp på språket som lite nyttig og at det eigentleg ikkje er nokon som snakkar det. Begge dei to grunnane er like usanne. Bokmål er like «unyttig» for meg, som nynorsk er for ein med bokmål som hovudmål. Språk er eit rimeleg engasjerande spørsmål, ikkje berre i norsk samanheng, men òg i land som Spania, Kviterussland og Irland. Me har mykje meir til felles med språksituasjonen i andre land enn det me trur. 

Begge språk er like offisielle, så det er ikkje for mykje å krevja at dei skal vera like synlege og i alle fall tilgjengelege for dei som brukar språket kvar dag.

LES OGSÅ: – Jeg er rystet til margen

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.