5 uvaner eg håpar å bli kvitt før neste eksamensperiode

0

Nummer 5 vil ikkje sjokkere deg

Klokka er 0530, natt til 12. desember. Eg leverer inn årets siste eksamen, 4.5 timar før fristen går ut. 4.5 timar før eg byrjar på jobb. Sliten og trøtt hatar eg meg sjølv for alt den sjølvpåførte smerta eg nettopp har vore utsett for. Her er 5 ting ved eksamensperioden eg håpar på å unngå i mai.

1. Prokrastinering
Denne er meist openbar, og må dermed komme først. Prokrastinering er rota til alt vondt;
ikkje minst er den rota til at eg berre fekk sove ein time før jobb den 12. desember, og dermed måtte lide meg gjennom ein heil arbeidsdag med ambolt-augelokk. Dette er ei felle alle studentar faller i stundom, men eg vonar å unngå den i mai. Det blir for enkelt å utsette. I den veka eg hadde heimeeksamen skulle eg først reise til Oslo for å sjå cupfinalen. «Eg kan skrive på toget», tenkte eg. Så lot eg ladaren liggje heime, og blei sittande med svart skjerm i 2X9 timar i stadet. «Då kan eg gjere det på måndag i stadet!», tenke eg.

På måndagen var eg så deppa på grunn av nemnte cupfinale, og unna meg dermed ein fridag til å sove vekk bitterheita. Tysdagen byrja eg, men så vart eg trøtt. Å gjere resten på onsdagen ville vere best for då var eg utkvilt. Etter jobb på onsdag, klokka 2300, sette eg i gong. 0530 var eg ferdig. I laupet av dei timane heldt eg på å droppe ut av studiet fire gonger. I mai skal alt gjerast første dagen, uansett kva som måtte komme opp. Påkjørt av ein buss? Eksamen skal inn. Amputert begge armane? Eksamen skal inn. Alt for å slippe den siste natta eg hadde i år.

2. Kakao og Kvikk Lunsj
Det er ikkje mykje eg er flink til i livet. Å gi meg sjølv belønningar for vel utført arbeid litt for ofte er ein av dei få. Opna word? På tide med ei belønning. Skrive overskrift? Belønning. Tatt boka opp frå sekken? Du gjetta riktig; belønning. Nokre meter utanfor medierommet på UiS, finst det ein kaffimaskin. Eller for meg, ein kakaomaskin. Den var eg ein flittig brukar av heile eksamensperioden. For å vere ærleg er eg heilt sikker på at eg har sponsa eit heilt årsverk for sis, berre gjennom kakaokjøp. Enda verre blei det dei gongene eg var ekstra nøgd med meg sjølv, og kjøpte kvikk lunsj i tillegg. 17 kroner for kakao, 26 kroner for kvikk lunsj. 5-6 gonger i timen.

Eg er journaliststudent, ikkje økonomistudent; du kan gjere matten sjølv. Resultatet er nok uansett at Hallgeir blir naudt å slå på tråden snart. Enda meir irritert enn Hallgeir er nok sekuritasvakta som sikkert måtte rykke ut kvar gong eg gjekk ut på AR midt på natta for å hente meg ein kopp kakao, og dermed starta stille alarmen. Han får vere takksam for treningsøkta, og trøyste seg med at i mai blir det andre boller; då skal eg ta med meg ein boks rett i koppen og ein kopp sjølv. Eller slutte å belønne meg sjølv kvart femte minutt. Det blir nok rett i koppen ja.

3. Unødvendige diskusjonar
Kva den viktigaste lærdomen min etter eksamen i praktisk journalistikk er, spør du? Jo, at kva farge som er rekna som den kjedelegaste fargen er kulturrelativt. Då eg ymta frampå om at beige var den kjedelegaste fargen reagerte mine medstudentar med sjokk og vantru. Det er då vitterleg grå som er den kjedelegaste fargen?!?! Tydelegvis er det i Amerikansk kultur beige er rekna som den kjedelegaste fargen, medan norsk kulturtradisjon seier grå. Dette brukte me over ein time på å diskutere, for å gløyme at innleveringsfristen nærma seg 6 timar unna. Eg lovar bot og betring; i mai skal alle dei unødvendige diskusjonane mine vere eksamensrelevante, og bidra til framgang på oppgåva. Med mindre det oppstår livsviktige spørsmål som kva som er den kjedelegaste fargen, sjølvsagt.

4. Vere «morosam» i besvaringa
Når eg les gjennom eksamensbesvaringa mi, klarar eg ikkje tru at eg bestod den. Forutan at den innehelder dårleg språk, faktafeil, og kronisk feil i APA 6th, innehelder den òg mange forsøk på å vere morosam. Dei færraste av dei er morosame no, nokre veker etterpå. Til eksempel vil eg i mai ikkje bruke eit avsnitt på å fortelje om kor bitter eg er over at Haugesund tapte cupfinalen, og at det er veldig vanskeleg å vere upartisk når eg skriv om Viking etter det. Eg minst at eg gapskratta då eg skreiv det. No er det jo eigentleg berre trist. I neste eksamensperiode skal eg ikkje prøve å vere morosam i besvaringa; det går aldri godt. Sjølvsagt kjem eg framleis til å vere morosam, det kjem naturleg for meg, eg må berre unngå å mislykkast i forsøket, sånn som eg gjorde i år.

5. Stresse og tvile på meg sjølv
Dette er det desidert viktigaste punktet. Sidan byrjinga av Oktober har eg gått med konstant høge skuldre, hatt fullstendig mangel på matlyst, sove dårleg, og hovudet mitt har vore i konstant krig med meg. Ikkje berre er dette ei påkjenning for meg sjølv, som til sjuande og sist gjer eksamen vanskelegare og dårlegare; det er i tillegg ei påkjenning for dei rundt meg, som òg stressar og tvilar på seg sjølv. Saman utgjer me ein malstraum av sjølvdestruksjon, til me endar opp med å drukne i eksamensangst. Eksamensstresset er noko alle studentar opplever. Dette har eg ingen kjelde på, men eg føler likevel få vil protestere på påstanden. Mitt mål før neste eksamensperiode, om eit lite halvår, er å ikkje bruke så mykje krefter på å tvile og stresse, og heller bruke dei kreftene på å gjere ein god jobb med eksamen.

No gler eg meg berre til i mai, når eg leser denne artikkelen igjen og forbanner meg over kor naiv post-eksamen-Thomas var.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.