Psykiske plager blant studentar

0

Kvar fjerde student opplev alvorlege psykiske plager, i følgje Folkehelseinstituttet. Eg har vore ein av dei. Kvifor er det sånn at så mange studentar slit, og kva kan ein gjere med det? Det bestemte eg meg for å finne ut. 

For å komme finne ut av dette gjekk eg på besøk til SiS-psykolog Susanna Heggland. Ho er ein av tre psykologar i SiS sitt gratis psykologhjelp-tilbod. Gjennom dette har ho eit godt grunnlag for å gi meg svar på det eg lurar på. 

Folkehelseinstituttet si undersøking visar at kvar fjerde student har opplevd psykiske plager. I 2010 var det kvar sjette, 2014 kvar femte. Heggland påpeiker at den same trenden me ser blant studentar, òg er gjeldande i samfunnet elles. Samtidig er det mange unge vaksne studentar, som opplever mange forandringar i livet, og situasjonar dei ikkje er kjent med. 

Thomas Klakegg skriv om psykiske plagar og SiS sit tilbod på campus.

– Det er ganske masse i den fasen av livet som kanskje kan gjere ein meir utsett for psykiske plager, seier ho. 

Dei psykiske plagene som er vanlegast er angst og depresjon, seier Heggland, noko som òg er tilfellet elles i samfunnet. Samtidig finst det plager som er meir vanleg blant studentar, for eksempel angst for munnleg formidling og eksamensangst. 

Samvær og sjølvhjelp for betre psykisk helse 

Eg har òg vore ein del av denne statistikken. Tre gonger tidlegare har eg droppa ut av studier fordi angst og depresjon har gjort det umogleg å fullføre. Derfor var eg veldig nysgjerrig på kva ein sjølv kan gjere for å få det betre når ting er vanskeleg. 

– Det er viktig å byggje eit nettverk som kan støtte ein når det blir tungt. Sjølv om ein ikkje nødvendigvis er veldig sosial, bør ein gå litt utanfor komfortsonen og knytte kontakt med andre. Sånn kan ein få tips og råd om både reint praktiske ting, i tillegg til hjelp når ein har det vanskeleg. Her har ein òg eit ansvar for kvarandre. Om ein ser nokon som sitt åleine og ikkje seier så mykje, gjerne ta kontakt, spør korleis dei har det. Det er viktig å ha eit miljø ein kan vere i sjølv når ein ikkje har det så bra, sjølv om ein ikkje er heilt på topp heile vegen. 

Fleire gonger påpeiker Heggland at det sosiale er viktig for den psykiske helsa. Ho seier fleire gonger at einsemd ofte er ein faktor for psykiske plager, og at ein gjennom andre kan finne viktig støtte. Samtidig erkjenner ho at akkurat det å ta kontakt med andre kan vere vanskeleg for mange. 

– Hugs på at det er mange andre òg som er nye her, og som ønskjer å byggje eit nettverk. Du er ikkje åleine om å ønskje kontakt, og dermed er dette ein ideell moglegheit til å gjere nettopp det, seier ho.

Susanna Heggland er psykolog hos SiS

Samtidig minner ho om at det òg er viktig å ha god fysisk helse. Å få seg nok søvn og å ete nok påverkar psyken så vel som den fysiske helsa. 

– I periodar der ein gjerne verkeleg treng den gode fysiske helsa, som i eksamensperiodar og liknande, er det ofte det ein prioriterer vekk. Å ta vare på helsa er ekstra viktig nettopp i desse periodane. 

Viktig å ikkje svartmale 

Undersøkinga til folkehelseinstituttet seier at 60% av studentane som opplever psykiske plager, ikkje ber om hjelp til det. Heggland minner om at det kan vere mange grunnar til at folk ikkje søker hjelp. Ein del får kanskje den hjelpa dei treng av folk rundt seg, andre føler dei klarar seg utan. Samtidig finst dei som ikkje tør å søke hjelp, kanskje er dei redd for stigma, kanskje det er andre grunnar. Realiteten er likevel at openheita rundt psykisk sjukdom blir større og større. 

Nettopp dette peiker Heggland på at kan vere ein grunn til at mengda studentar med psykiske plager aukar. Det blir vanlegare og vanlegare å snakke om psykisk helse, det er blitt meir stuereint å innrømme at ein har det vanskeleg. Det gjer det gjerne òg lettare å snakke om det for dei som var det vanskeleg. 

– Det at fleire seier dei slit psykisk er ikkje nødvendigvis negativt. Det kan godt vere at same mengda slit, men at fleire tør å innrømme det no. Det er også veldig viktig å ikkje svartmale; 3 av 4 studentar seier trass alt at dei trivst veldig godt med livet sitt. Dette er veldig viktig å ta med seg, samtidig som me tar vare på dei som ikkje har det bra. 

Hjelp å få Gjennom Studentsamskipnaden i Stavanger er det hjelp å få. Dei har ein gratis psykologteneste tilgjengeleg for studentane i byen, i tillegg til eit opplegg for hjelp til sjølvhjelp. Susanna Heggland er som sagt ein av tre psykologar som jobbar i denne tenesta. Ho seier at terskelen for å be om hjelp gjennom SiS skal vere lav, og påpeiker samtidig at det ikkje er ei akutt-teneste. 

– Me prioriterer saker etter alvorlegheitsgrad, men etter kva tid folk leverer inntaksskjema. Om det er fullstendig krise, om ein har psykotiske plagar eller påtrengande sjølvmordstankar, skal ein gå til legevakt eller fastlege. Men tilbodet vårt er eit lågterskeltilbod som skal vere i tillegg til spesialisthelsetenesta. 

SiS sine lokalar på campus. Her holder blant andre psykologane til.

SiS si psykologteneste driv ikkje med langtidsbehandlingar eller utredningar. Tilbodet er der om ein treng nokon å snakke med, om ein har det vanskeleg i ein periode, men det er ingen problem som er for store for psykologane her. 

– Me avviser ikkje folk fordi dei har for «store» problem, då vil me sjølvsagt ta i mot dei. I sånne tilfelle vil me kunne bidra med råd om korleis dei bør gå fram vidare og kva dei kan jobbe videre med sjølv. 

Vendepunktet 

For meg var terapi det store vendepunktet. Etter 15 år med kronisk depresjon og angst traff eg botn vinteren 2019. Det var då eg stod på bryggekanten, klar til å hoppe på sjøen, at eg innsåg at eg måtte gjere noko. I nesten ein time blei eg ståande å tenke, og så gjekk eg heim for å bestille legetime. 

Det forandra alt. Eg møtte ein forståelsesfull lege, som henviste meg vidare til psykolog. Ho følgde meg opp i ein lang periode, og eg kjente meg verkeleg ivaretatt. På den måten kom eg meg gjennom den perioden, og ved hjelp av psykologhjelp er livet mitt no heilt forandra. 

På eit halvt år gjekk eg frå å grine meg i søvn til lyden av Kent kvar natt, til å sovne med eit smil om munnen. Det å søke hjelp redda livet mitt. Så om du slit, om alt er tungt; det er håp. Kanskje er SiS sin psykologteneste første skritt på veg til ditt vendepunkt. Kanskje er det legen som må til. Uansett er det ingen skam å be om hjelp. 

Treng du støtte?

Inne på SiS sine sider finn du skjemaet for inntak i psykologtenesten. Dette fyllar du ut og leverer enten inn i SiS- ekspedisjonen ved Kitty Kiellands hus, eller sender det som post til SiS SiS helse – Psykologtjenesten Postboks 8600 4036 Stavanger. 

Merk konvolutten med SiS helse – Psykologtjenesten 

SiS tilbyr òg veileia sjølvhjelp mot angst og depresjon over nett. Då får du ein vurderingssamtale hos psykolog, og får vidare info der. 

Meir informasjon finn du her: SiS Helse (Ekstern lenke)

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.