Psykisk helse på plakaten

0

Den 10. oktober er verdsdagen for psykisk helse. Over heile landet arrangerast det markeringar av dagen. På UiS blei hendinga Psykt kjekt arrangert, og mange folk møtte opp for musikk og gratis mat. 

Det blir meir og meir fokus på psykisk helse i samfunnet, og verdsdagen for psykisk helse blir markert nettopp for å auke kunnskap og openheit rundt temaet. Endemålet til organisasjonane bak er at det skal vere like vanleg og lett å snakke om den psykiske helsa vår som den fysiske.

Når Folkehelseinstituttet rapporterer at kvar fjerde student opplever psykiske plager, er det då òg naturleg at det blir markert ved Universitetet. Studentorganisasjonen StOr ved UiS arrangerte i dag hendinga psykt kjekt i Elise Ottesen-Jensens hus, med musikk og mat.

Psykt kjekt med mykje folk

Mange mennesker tok turen til Elise Ottesen-Jensens hus for å markere verdsdagen for psykisk helse. Køen stod gjennom nesten heile gangen for å ta imot gratis mat, og samtalen fløyt rundt borda, både om psykisk helse, og mykje anna. Nestleiar for læringsmiljø i StOr, Mahnoor Raja, påpeiker at sjølv om folk kjem for gratis mat, så får dei likevel med seg bodskapet bak dagen. 

– Me vil skape ei forståing og ei openheit om psykisk helse, seier Raja. – Det er viktig for meg at folk veit at dei ikkje er åleine i dette. 

TAKKSAM: Nestleiar for læringsmiljø i StOr foran veggen av kva studentane ved UiS er takksame for. (Foto: Thomas Klakegg)

Det var mange nøgde andlet rundt om, og Raja var ei av dei. Ho og dei andre arrangørane gjekk rundt og snakka med folk, gav ut stressball-hjarter med verdensdag-logo på, gjorde det dei kunne for å spreie positivitet.

– Eg er utruleg glad, dette visar at studentar bryr seg om mental helse. Eg er veldig glad for at så mange kom og samla seg her rundt dette temaet.

Gi tid til psyken

Verdsdagen for psykisk helse blei etablert allereie i 1992, av World Federation for mental health. Siden 2003 har det i Noreg vore Mental Helse som står bak verdsdagen, i samarbeid med helsedirektoratet. I 2018 var det ny rekord for verdsdagen i Noreg, med over 1500 arrangementer. I år blir rekorden slått igjen, med over 1900.

Over 150 land deltar i markeringen av verdsdagen for psykisk helse. Nokre land har til og med verdsdagen som ei del av ei heil veke dei dedikerer til saka, deriblant Australia. 

Temaet i 2019 er Gi tid. Det handlar om å ta seg tid til å gjere ting som betrar den psykiske helsa. Tanken er at mange i dagens samfunn kan bli flinkare til å leggje frå seg alle slags forstyrrande elementer, og berre vere til stades i augneblinket. Mykje fokus har ligge i det å sjå kvarandre, vere der for kvarandre, utan å ha merksemda på mange andre ting samtidig.  

Valgkamp med fokus på psykisk helse

Mellom all bevisstgjeringa var det òg tid for litt valkamp før det kommande studentvalet. Fleire listekandidatar ved valet var med på å arrangere psykt kjekt. Både Liberal-moderat liste, Sosialdemokratisk liste og Internasjonale Studentar har psykisk helse på plakaten for det nye valet. 

– Me ønskjer å jobbe med å forebygge einsemd blant studentane. For å oppnå dette vil me fokusere på små ting, som organiserte kollokviegrupper, seier John Lomeland. 

Listefelle Lawrence Dean Mulbah følgjer opp med at det er viktig at dei forskjellige listene må jobbe for å skape møteplassar der folk utan sosiale nettverk kan treffe andre.

INTERNASJONAL: Hans Herrera Navaro er spesielt oppteken av dei internasjonale studentenes psykiske helse. (Foto: Thomas Klakegg)

Hans Herrera Navarro i Internasjonale Studentar seier at det nok er ein større prosentandel som slit med psyken blant dei internasjonale studentane, enn blant andre studentar. Han meiner at einsemd og heimlengsel er meir prominent om ein òg skal bli vant til ein heilt ny kultur og språk. 

– Hvor komfortabel du er med tilveringa vil påvirke korleis du gjennomfører studia. Dermed er det viktig at me gjer det me kan for å gjere livet lettare for dei gruppene, seier han. 

Psykiske helsetiltak utgjer ein tredjedel av listeprogramet til Liberal-Moderat liste. Dei ønskjer fleire lavterskel tilbod, som for eksempel foredrag og gruppeterapi. Emilie Christensen seier at det psykiske helsetilbodet på Universitetet er bra, men at det ikkje er stort nok.

– Då må me ha andre tilbod som kan hjelpe undervegs, seier ho. 

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.