No er det vår, og snart er dette semesteret historie. Det betyr at det nærmar seg eksamenstid og deretter ferietid. Ahh… Ferie!
Dei færraste studentar vassar i pengar, og for mange skal det mykje til å få råd til ein 14-dagars sydenferie. I det siste har eg blitt hekta på «Luksusfellen», og her har eg fått mange tips til korleis det går an å spare pengar og korleis det går an å bruke meir enn det du har. Sidan det snart er ferie får du her nokre tips til korleis du kan spare opp iallfall litt pengar fram til juni.
- Skriv handleliste. Kjøp billegmerke der du kan.
- Kutt ut alkohol og snus.
- Kutt abonnement på Netflix, HBO, TV2 Sumo, ViaPlay og byt til det billegaste mobilabonnementet. No skal det øvast og lesast til eksamen, så dette treng du ikkje.
- Ikkje kjøp nye klede eller sko.
- Ha så lite som mogleg på brukskontoen, evt ta ut 500 kroner kvar veke og ikkje bruk meir enn det.
- Lag matpakke, ha kaffi på termos og ha alltid med vannflaska.
- Vurder om punkta ovanfor er verd det.
I denne spalten gir den drevne UiS-studenten, Kristin Frafjord, deg de beste tipsene om det å være student.