Studietips: 10 (gode) unnskyldningar

0
Foto: https://c1.staticflickr.com/9/8494/8304447247_72378883a8_b.jpg

Ei god unnskyldning er alltid greitt å ha på lager. Motivasjonen er ikkje alltid på topp til å møte opp i førelesningar, på jobb, i bursdag eller på trening. Så her får du ti (gode og mindre gode) unnskyldningar

  1. «Eg følar meg ikkje heilt vel».

Alle respekterer at kroppen nokre gongar ikkje spelar heilt på lag, og ingen vil har med seg ein slappfisk på noko.

2. «Eg fant ein skada katt, og må ta den med til dyrlegen».

Alle likar kattepusar, og folk som bryr seg om dyrevelferd. Berre pass på å fortelje same versjon av kva som skjedde til dei som spør.

3. «Bilen har punktert, og reservehjulet er øydelagt».

Ingenting anna å gjere då enn å halde seg heime.

4. «Namn Namnesen har døydd».

Alle respekterer eit dødsfall, og du får få spørsmål. Berre pass på at du ikkje seier same person har døydd to gonger.

5. «Eg har time hjå tannlegen».

Ja, ein tannlegetime dukkar plutseleg opp.

6. «Eg må vitne i retten.

«Vil ikkje/ kan ikkje snakke om kva det gjeld». Ingen kan seie noko på den.

7. «Eg har mensen».

Funkar som regel best viss du er jente.

8. «Eg får besøk av familien og må rydde».

Alle skjønar at det trengs ein heil dag for å rydde og vaske.

9. «Eg har hatt vannlekkasje i heile leilegheita».

Ein vannlekkasje kan oppstå når det passar som best.

10. «Nei, det passar ikkje».

Enkelt og greitt.

Treng du fleire studietips? Her er 7 rettar du må teste i 2017, og 9 studentrabattar du kanskje ikkje visste om.

I denne spalten gir den drevne UiS-studenten, Kristin Frafjord, deg de beste tipsene om det å være student.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here