Studenttips: 7 retter du må teste i 2017

0

Lei av mat eller treng du litt inspirasjon i starten av det nye året? Nettet florerar av matoppskrifter og tips til kva du bør leggje på middagstallerkenen. Bloggarar, matbutikkar, merkevarer og matportalar delar sine oppskrifter og framgangsmåtar. For min del blir det av og til litt for mykje, spesielt viss eg er svolten og har lyst på absolutt ALT. Derfor har eg samla sju oppskrifter som eg meiner du bør teste ut i løpet av 2017.

  1. Italiensk burgar
    Alle liker ein skikkeleg god burgar. Denne er berekna på to personar, men det går an å halvere eller doble oppskrifta, alt ettersom. Det er og mogleg å droppe nokon av ingrediensane.
  1. Biffgryte med øl
    Kanskje ikkje noko du startar med viss dine kunnskapar stopper med makaroni-koking og steiking av kylling, men absolutt verd eit forsøk viss du har tid, plass og utstyret klart.
  1. Nudler med laks
    Eg er ingen fan av laks, men er veldig glad i nudler. Denne oppskrifta fungerar sikkert like bra om du bytter ut laks med kylling.
  1. Løvbiff med bearnaise
    I denne oppskriften kan du like greitt bruke posesaus, med mindre du vil briljere og lage din egen bearnaise. Godt blir det uansett.
  1. Enchiladas med kylling
    Taco på fredag? Prøv heller denne. Nam!
  1. Wraps
    Passer både til lunsj og middag. Viss du er lei av SiS-kantina sin wrap er det på tide å lage din egen. Her får du tips til ulikt innhald.
  1. Kjøttkaker i brun saus
    Heim til mor! Etter mi meining så er det få ting som slår skikkeleg gode, heimelaga kjøttkaker.

Fortsatt sulten? Sjekk ut matspalten.

I denne spalten gir den drevne UiS-studenten, Kristin Frafjord, deg de beste tipsene om det å være student.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.