Ølsmaking: O’ øl med di glede

0

Jula bankar på døra og når ein skriv ei ølspalte er det då nærmast obligatorisk å køyre testen på juleøl når det er siste spalte før oljebyens studentar reiser heim til jul.

Testpanelet bestod av eit par foreldre, ein kompis av dei og underteikna. Sjakk-VM rulla på TV-skjermen, og ølet vart helt i glasa med stor presisjon. Testen er stort sett utført på smak og kor mykje julekjensle ølet gir. Øltesten vart vel og merke aldri særleg høgterskel, og ølet vart svelgt med ein gong, og ikkje akkurat spytta ut att. Men kva kan ein forvente under VM i sakte-TV?

Utlendingen
Først ut er ein utfordrar til den tradisjonelle juleøla. Danske Mikellers Hoppy Lovin’ Christmas er ein IPA tilsett furunåler og ingefær for at den skal bindast til jula. Testpanelet var einige i at dette var ein særs god IPA som godt kunne gått til lutefiskmiddagen. Fargen er lys og gyllen, men det luktar verken jul eller ingefær frå glaset. Julefaktoren var panelet ganske ueinige om. Mor meinte at ho kunne ane smaken av furunålene som er tilsett i juleøltankane, mens resten var einig i at dette var ein god IPA, men ikkje noko juleøl. Det stoppa ikkje far frå å seie at han ville gjerne drikke Hoppy Lovin’ Christmas gjennom heile jula.

Pioneren
Nøgne Ø God Jul har vore bryggja sidan Grimstadbryggjeriets spede byrjing i 2003, då det nærmast fekk sju av seks auge på terningen av Dagens Næringsliv, så det var store forhåpningar til dette ølet. Ølet har ein djup brun, tett og mørk farge, og panelet var einige om at dette ikkje ville passa så godt til pinnekjøtmiddagen. Litt inn i smakinga av juleølet vart ideen om at ølet er godt med småkaker til lufta. På etiketten stod det at ølet passa godt til julekaker, så julekaker vart etterspurt. Etter kjappe tygg og slurkar var det grei einighet om at ølet blei betre med julekaker, sukkeret henta fram ei rundare smak, som dette ølet verkeleg er tent med. Det er på grensa mellom porter og juleøl, men det er og noko med lukta, ei nesten søtlig og karamellisert lukt, som og sit i smaken. Serveringstemperaturen er anbefalt 8 grader, men om ein heller ølet i glaset når det heldt kjøleskapstemperatur vil temperaturen mot slutten av glaset krype oppover og komplimentere ølet ytterligare. Den siste slurken er den beste. Eit øl der botnslammet er eliminert.

«Det stoppa ikkje far frå å seie at han ville gjerne drikke Hoppy Lovin’ Christmas gjennom heile jula»

Nykommaren
Nytt av Haandbryggeriet i år er at dei bryggjar juleøl. Nissemor er bryggja med sju sorter malt, som seg hør og bør til jul. Etter første slurk er menna i testpanelet einige om at ølet er litt tamt, men mor seier seg ueinig, og syns det var godt. Både lukt og smak ga hint om surøl, med ei bitter avslutning. Dette ølet deler den mørke fargen med God Jul, men kjennes ikkje like tjukt i munnen. Etter kvart som smakinga fortsette sa ein i testpanelet at ølet vart betre og betre for kvar slurk han tok, og at det ikkje var tamt lenger. Men som sagt, vi spytta ikkje akkurat ut att ølet.

Bergensaren
7Fjell 7 sorter er som Nissemor bryggja med sju sorter malt. Det som var spennande var om desse to øla ville smake likt. Det gjorde dei ikkje, og panelet meinte at godt var det. Juleølet er mørkt som juleøl skal vere, og skulle gjerne ha gått som tilbehør til julematen. Då IPAen er det ølet som vart best mottatt, er det ikkje nødvendigvis det største juleølet. Her scorar 7Fjell like godt som i fjor, og var ein skikkeleg juleølfavoritt. Det er mykje sødme i det, karamellisert og rund smak, med ei mjuk, nesten tanninprega ettersmak. Det kan nytast som ein god vin, og er det mest kompliserte men balanserte og fullverdige juleølet i øltestinga, og går av med sigeren som beste juleøl.

JørundJørund Vatle Sandgren er SmiS’ ølsmaker og gir deg tips og anbefalinger.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.