Humor: Eit halvår som standuppublikum

0

Frå januar til april var eg jobbsøkar i Stavanger. Eg søkte fleire plassar, og fekk få svar. Eg bestemte meg etter kvart for å møte opp på plassane eg hadde søkt jobb og spørje etter sjefen eller dagleg leiar. «Du bor jo ikke her?» spurte dei i klassa eg tok bussen med, den dagen eg gjekk av seksarbussen på Gosen for å stikke innom pizzabakaren. Med hovudet høgt heva og rak i ryggen tok eg eit djupt andedrett før eg tok i dørhandtaket og steig inn, med smilet på lur. Etter å få vite at over tusen personar hadde søkt på stillinga, var ikkje ryggen like rak på veg ut som på veg inn. Tusen personar som vil bake og kjøre pizza?

Eit intervju og fleire søknadar seinare fekk eg lyst til å gi opp. Då dei som tidlegare har hatt lukrative oljejobbar må søke på deltidsstillingar for å få endane til å møtast, stiller ikkje ein student med sommarjobb på fiskefabrikk så høgt på lista. Dagane og vekene gjekk, og plutseleg fekk eg høyre av ei veninne at The Comedy Box søkte etter ein fast billettør og dørvakt til førestillingane sine i Stavanger og omland. Det høyrtest ganske greit ut, så eg sa eg var interessert. Før eg fekk sukk for meg var eg på intervju, og før eg fekk sukka igjen var eg tilsett. Og det er den beste jobben eg har hatt.

«Før eg fekk sukk for meg var eg på intervju, og før eg fekk sukka igjen var eg tilsett. Og det er den beste jobben eg har hatt»

The Comedy Box flyr inn komikarar frå nær og fjern, alle særdeles hyggelige folk. Ein fordel med å jobbe med kultur er å få kontakt med dei som opptrer, i dette tilfelle komikarar. Å få eit stå stort innblikk i ein kulturell sjanger, i dette tilfellet stand up. Dei som jobbar mykje frivilleg på Folken veit kva eg snakkar om. Om arbeidsmiljøet er godt og leiarskapet har kontroll er det full klaff. I ei lita bedrift får ein meir ansvar, og får kome litt på innsida. Ein er med i motvind og medvind, og kollegaane vert vener. Det er då løna ikkje vert så viktig lenger.

Det er ein del historier å fortelje. Til dømes den gongen det var eg som køyrde gjengen på fem komikarar til og frå Bryne. Eg snakkar lystig med sidepassasjeren om laust og fast, i tussmørket på veg heim langs riksveg 44. Tid og stad er glømd, eg føl med på vegen og det personen har å seie, og mann som eg er har eg då nok å stri med. Plutseleg blinkar det eit kraftig raudt lys framfor bilen. 83 km/t i 70-sona, 2600 kroner i bot. Med fem passasjerar i bilen.

Eller den einaste gongen til no eg har måtta kasta ut ein person. Hugs, eg sel ikkje berre billettar, eg er dørvakt óg. Om du kjem på ei førestilling og anten snakkar med sidemannen, er full og forstyrrar komikaren (les: prøver å vere morosam. Det er trass alt ikkje ditt ansikt som prydar plakaten, promille eller ei), eller sit og blar nedover den uendelege nyhendestraumen på Facebook og gjespar mens du er ein av to personar som utgjer første rad, gir eg deg to sjansar før du vert kasta ut. Og det var nettopp desse to sjansane ei jente i ein veninnegjeng som var på stand up i Sandnes brukte opp. Ho passa inn i den første og den siste kategorien ramsa opp ovanfor. Ho vart snakka til av komikarane to gonger, og beskjedar frå meg vart ikkje følgd opp. Etter kvart var det berre ein ting å gjere. Vel utanfor døra skjønte ho ikkje kva ho hadde gjort gale, men gjekk frå staden frivillig. Like etterpå tikka det inn 1 av 5 stjerner på Facebook-sida, etterfølgd av ei lang og sint melding der ho beviste at ho ikkje skjønte korleis ein skulle oppføre seg på førestilling.

Det er no snart jul, og mitt halvår i The Comedy Box er snart over. Det blir nok fleire semester i døra, det er fortsatt ikkje så lett å få seg jobb i Stavanger. Kanskje det å få seg ein deltidsjobb er litt som kjærleiken, det vert best om du ikkje prøver så hardt, og det heller skjer heilt tilfeldig? For meg var det i alle fall sånn med tanke på jobb. Skjønt, kjærleiken lar fortsatt vente på seg.

JørundHumorspalten er det «The Comedy Box»-produsent, Chi Ton, som har ansvaret for. Hun gir komikere i Stavanger og omegn en mulighet til å si det de har på hjertet rundt humor og stand up, noen ganger på norsk og noen ganger på engelsk. Denne utgaven er skrevet av Jørund Vatle Sandgren.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.