Vagabond: JÆKLA LANG FJELLTUR!

0

Tekst og foto: Martin Leigland

Plutseleg var det sumaren 2013, og me er fire fine fyrar som skal ut på interrail i tre veke, med eit hovudmål: Me skal gå frå Spania til Frankrike.

Me byrjar med å fly til Barcelona midt på sumaren, sjølvsagt altfor varmt for vanlegvis kalde vestlendingar, men me har motet oppe, og planen klar. Me har sett på Google Maps at turen over fjella vil maks ta ein eller to timar frå Vall de Nuria, deretter vil me ta tog frå andre sida når vi er i Frankrike, frå ei lita plass kalla Saillagouse. Lett som ein plett, skotsikker plan.

3

«Are you crazy?»

Me gassa på oppover fjellet på eit tog mot Vall de Nuria. Omsider er det kveld, og toget går ikkje så langt som me ville det skulle gjer, så me hoppar av på Ribes de Freser. Me finn eit hotell der oppe i ingenmannsland, omtrent 912 meter over havet. På hotellet var det bare gamle Spanjolar som naut pensjonsdagane. Neste morgon mens dei dreiv å slappa av, driv me og tek saltoar i badebassenget. Me hoiar og skøyar, med OneRepublic skrudd opp til elleve på Bose høgtalarane våras. Ikkje vanskeleg å forstå at dei ikkje tykkjer veldig godt om oss. Me tørkar av oss vatnet, hoppar på eit tog, og omsider er me på Vall de Nuria.

Kvelden kryp sakte over fjella, og me vurdera om me skal ta oss inn på det eksklusive hotellet, plassert nokre 2000 meter over havet. Fant raskt ut at hotellet var super dyrt. Ikkje noko problem, me er uansett gira på å komma oss over fjellet i løpet av kvelden (turen er jo tross alt ikkje så lang). So me byrja å snakka med nokre lokalar.

«Hello, we are Norwegians and we want to walk from Spain to France».
Den 30 – 70 år gamle (vanskeleg å vete) spanjolen såg særs spørjande på oss, og byrja å hånle. «Ha-ha, are you crazy? You can’t do that! There are wild animals here!»
Jaha!, tenkte me. Me får venta til morgonen etter. Er det nokre skumle dyr ute å lurkar så ser me dei frå avstand i det minste. Snu skulle me vertfall ikkje gjere!

4

Snikmåltid
Men me trenge framleis soveplass, og heldigvis har dei ei flott togstasjon posisjonert 50 meter frå hotellet. Me bunkrar oss der for kvelden, og stikk tidleg om morgonen tenkjer me. Då var det bare eit lite problem igjen før me legg oss. Me har ikkje mat eller forsyningar, berre litt turkle, og ei finskjorte i tilfelle fest. Heldigvis ser me eit skilt der det står «bufeet». Me spaserar bort til hotellet igjen.

«Hello, we want some food».
«Yes, are you staying at this hotel?»
«Yes».
«Okay that will be 80 euros for you all».
«Oh, only one of us is hungry».
«Okay… so only one of you is going to eat?».
«Yes».
«Ok… 20 euros then».

Me set oss alle på eit større bord, og for å ikkje tiltrekkje oppmerksemd, veljar me ein av oss til å spasere fram og tilbake med brød og salat til oss andre. Der sit me og kosar oss med eit riktig flott gilde. Før me stikk, tar me med oss ekstra brød og salat, stappar det oppi ein rema plastpose, og snikar oss fornøgd ut.

2

Moroa tar slutt

Klokka er slår seks på morgonen, og me må komma oss på beina før nokon av hotellfolka kjem og er forbanna. Sola skin godt i pannebrasken, og me er ein godt fornøgd gjeng, stappa full med allslags mat me fekk med oss dagen før. Turen opp går lett som ein plett, smilande ansikt, solkrem og appelsin. Når me kjem på toppen, nytter min kamerat iført ei flott skinnjakke, den eineståande moglegheita om å være den første som kaster ein kiwi frå Spania til Frankrike. Men her byrjar moroa å slutta.

«Nedover var det dei brattaste bakkene eg nokon gong har opplevd. Det var heller ingen sti å sjå. Turen fortsette trutt og fælt, og etter eit par timar med utruleg forsiktig gåing nedover brattebakken, kom vi oss ned på noko som likna på ein veg»

Når me går nedover mot Frankrike, forstår me godt kvifor den gamle (eller unge?) spanjolen dreiv å lo av oss. Nedover var det dei brattaste bakkene eg nokon gong har opplevd. Det var heller ingen sti å sjå. Turen fortsette trutt og fælt, og etter eit par timar med utruleg forsiktig gåing nedover brattebakken, kom vi oss ned på noko som likna på ein veg. Men som me raskt skulle få oppleva, når klokka slår 1600 i disse trakter, ja då endrast det flotte solskinsvêret til regn. Og lyn. Og hagl.

Skyene spreidde seg raskt rundt oss, og plutselig blei me godt pepra med god, knallandes hard hagl. Stemninga var ikkje lenger heilt på topp, for å sei det mildt. Ein diskusjon om me skulle ta taxi til nærmaste hotell oppstod, men me bestemte oss til slutt at dette skal me gjer på gamle måten. Forbanna, våte, sure, og kranglande, vassa me i regn og hagl, med shorts, t-skjorte, og tung sekk, fast bestemt på at dette skulle me klare. Og det gjorde me fanden meg og.

Me ordnar oss eit hotellrom, byrjar aktivt med å føna euro setlane våre til seinare bruk, og seier oss godt fornøgd med turen, og la oss i senga med eit sliten sinn.Me har aldri vært noko stor fan av planlegging, men kanskje neste gang bør vi kanskje tenkje igjennom båe ein eller to gangar før me begjær oss ut på eit slikt rekreasjonsprosjekt.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here