Studietips: 11 grunnar til at november er bra

0

«Når nettene blir lange og kulda setter inn…» Ja, så har det endeleg blitt kaldt her i Stavanger. Å vakne til fem minusgarder i oljehovudstaden er ikkje kvardagskost. Nokon gler seg over dei blå gradene, og lengtar etter snøen. Andre drøymer om sommar, sol og 25 grader. Her på Vestlandet er ikkje vinteren særleg lang, og treff du på ein nordlending vil han eller ho nok le av deg dersom du klagar over at det er kaldt når temperaturen så vidt har gått under null. Her er uansett elleve tips som kan gjere november bra eller betre.

1. Det er snart jul!
Julebrus, julesnop, marsipan, julenissar og adventskalendarar har allereie funne sin plass i butikkhyllene. Då er det også lov til å både synge og spele julemusikk. «Last christmas I give you my heart..».

2. Juleferie og halv skatt
Er du heldig med eksamensdatoane kan du unne deg ein velfortent juleferie allereie i slutten av november. Har du ein arbeidsplass som praktiserer halv skatt i november i staden for desember kan du sjå fram til ein velfortent handlerunde.

3. Vintersportssesongen startar opp igjen
Dette er utan tvil det største høgdepunktet i november. Endeleg er det tid for å liggje i sofaen framfor fjernsynet og berre glo sport på NRK1 heile helga.

4. Cupfinalen
Cup er cup og dei som bryr seg om norsk fotball er cupfinalen viktig. For dei som absolutt ikkje bryr seg om fotball eller norsk fotball er dette ein merkedag. Norsk fotballsesong er over.

5. Netflix og avslapping
Har du lyst på selskap og trenger litt kos? Eller må du bare vise den dødskule serien til nokon? Ein god serie er vanskeleg å takke nei til, og ingen seier vel nei takk til Netflix, levande lys, litt popcorn og ein god og varm armkrok å liggje i medan vinden uler ute og gradestokken viser sju minus.

6. Tjukke klesplagg
Kva er vel betre enn å pakke seg inn i store, gode, varme genserar, eit svært skjerf og varme sokkar? Endeleg får du brukt for Marius-genseren, og snart kan du dra fram julegenseren!

7. Julebordssesong
November og desember er spekka med festar. Anten det er jobb, linjeforeining, studiet eller andre som arrangerer er det alltid innanfor med eit julebord. God mat, god drikke og godt selskap. I tillegg får du ein fin anledning til å kome deg ut av eksamensbobla, viss du ikkje er blant dei heldige som har ferie.

8. Black Friday
Som student med litt for lite pengar i lommeboka og på konto kan Black Friday vere ein etterlengta dag å handle til seg sjølv og andre på. Mange butikkar og nettbutikkar køyrar 50-70 prosent rabatt på ei mengde varer heile veka, så her kan du handla mykje for lite.

9. Vinterkroppen
No kan du gløyme sommerkroppen/bikinikroppen/badeshortskroppen. No er det vinterkroppen som gjeld. Den skal aller helst vere prega av god mat, øl, julesnop, julebrud, gløgg, grøt og kakao med krem.

10. Husk kondom
Sjukehusa opplever føde-boom om sommaren. I november er det ni månader til august, så viss du ikkje vil bidra til at jordmødrene får ein travlare sommar i 2017 bør du bruke prevensjon.

11. Movember
Endeleg får mannfolka den merksemda dei treng. Etter ein månad med pupper og rosa-sløyfe er det klart for prostata og bart.

kristin-frafjord-studietipsDen drevne UiS-studenten, Kristin Frafjord, gir deg de beste tipsene om det å være student.

 

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here