Ølsmaking: Lokalhistorie

0

Det er investert blod, svette og tårer i Lervig Aktiebryggeri. For første gong i dei tolv åra det har eksistert, går bryggjeriet i pluss. Fleire reiser land og strand rundt for å få tak i eit eksemplar av bryggja som ruller ut av produksjonslokala i Hillevåg. I butikkane står det svært populære mikro-inspirerte øl som har blitt seriøse klassikarar. Men det har ikkje alltid vore slik.

For å gjere ei elles spennande og velkjend historie kort: I 1990 vart gamle Tou bryggjeri kjøpt opp av Ringnes, og etter ikkje alt for mange åra vart produksjonen av lokalpilsen flagga ut til hovudstaden. Sidan 2003 har det ikkje vore bryggja lokal pilsner i det vi i dag kjenner som Tou Scene. Protestar og furore var eit faktum, og det tok ikkje lang tid før fagforeininga ved Tou fekk med seg sju utestader i Stavanger og starta Lervig Aktiebryggeri. Likevel var vegen lang fram til den blå og kvite boksen med pils, pryda med ei svart, femkanta stjerne.

Det er ikkje så mykje å seie om deira første pils, «Ein Te», bortsett frå at den ikkje var god. Tvert i mot. Den vart brygga ved hjelp av Mac Bryggeri i Tromsø, og siddisar, som ikkje har fortrengd bryggjet, har fortsatt mareritt om det. Fleire år med raude regnskapstal gjekk, før året var 2010 og amerikanaren Mike Murphy, frelsaren, kom til Stavanger og redda bryggjeriet. For no er det ein ting Lervig handlar om; godt øl.

«Sidan Mike Murphy tok byen med storm har det rent gylne elver av nydelig øl ut av bryggjeriet i Hillevåg»

Sidan Mike Murphy tok byen med storm har det rent gylne elver av nydelig øl ut av bryggjeriet i Hillevåg. Lucky Jack er eit av dei mest populære brygga, og ein skjønner fort kva dette handlar om når ein tar seg ein slurk, nydelige øl utan for mykje sprell. Den blå boksen, eventuelt glasflaska, med blå etikett har rukke å bli ein solid klassikar i butikkhyllene i Rogaland sidan 2010. Det var det første ølet Murphy bryggja då han redda Lervig, ein lettare bitter, klar med hint av citrusfrukt, men ikkje nok til at det blir eit reint sitronøl. Som Murphy sjølv har sagt: «Det skulle vere eit øl som båe øl-nerdane og dei som ville ha eit alternativ til pilsen kunne like». Lucky Jack blei standarden for Stavangers nyaste øleventyr.

Og det er dette ølet som er basisen for månadens anbefaling. For ikkje så alt for lenge sidan kom det ein ny, rosa boks i butikkane, men med den same speidande fiskaren i sydvest, berre med ein viktig detalj: fiskaren har no på eit par solbriller.

Som Lervig sjølv seier på heimesida si: Lucky Jack har fått eit skikkelig spark i ræva. «Lucky Jack: Grapefruit Edition» er namnet på kreasjonen. I nokon av tankane med Lucky Jack har Lervig tilsett skal og juice av grapefrukt for å skape det perfekte sommarølet. Med dei same gode trekka som klassikaren, er denne sesongvarianten ekstra fruktig, og heilt ufiltrert med ein herleg farge. Det passar eksotiske fruktsalatar eller eit knekkebrød med brunost, og gjer seg utmerka i lag med sushi. Men det tronar verkeleg som ein tørsteslukkar åleine i solsteiken. Det fruktige, bitre innslaget av grapefrukt friskar opp heile ølet, og gjer det til ei heilt anna oppleving. Forhåpentlegvis er ikkje dei fine dagane vi har hatt no i månadsskiftet dei siste soldagane i år, då det flytande innhaldet i den rosa boksen gjer seg aller best i sola. Men du må vere kjapp om du skal sikre deg eit eksemplar: ølet er berre sesongvare, og er ikkje i butikkane mykje lenger. Perfekt til fredagssushien, som tørsteslukkar, årets siste hagepils eller til vorspielet. Men berre om du er villig til å investere litt for å ha noko godt i glaset.

JørundJørund Vatle Sandgren er SmiS’ ølsmaker og gir deg tips og anbefalinger.

 

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.