Studenttips: 9 tips for å halde ut semesteret

0

Me har kome over midtveis i oktober. Eksamen er for mange berre ein månad unna, og du kjenner kanskje at du byrjar å bli litt umotivert og saknar dei late dagane du hadde i sommar. Studiet var kanskje ikkje slik du trudde? Kanskje har du ikkje funne deg heilt til rette blant medstudentane? Eller har du teke på deg alt for mykje arbeid i tillegg til studiet, og skjønar ikkje korleis du skal få ting til å gå rundt? Eller har du berre kome til eit punkt kor alt går i mot deg? Her er ni tips for å halde ut.

1. Unn deg ein premie
Det må vere lov å premiere seg sjølv for å ha klart å kome seg på førelesninga eller for å ha lest ferdig alt pensum til førelesninga i neste veke. Sjokolade er ein fin premie, eller ein ekstra god lunsj i kantina.

2. Sov
Kroppen trenger søvn, og når alt går i mot deg og ingenting fungerer, så er det berre å krype under dyna. Du klarar ikkje konsentrere deg når du har vore vaken i 20 timar i strekk uansett. Det du ikkje fekk gjort i dag kan som regel vente til i morgon.

3. Gå tur
Frisk luft er godt for hovudet, kropp og sjel. Du treng ikkje dra ut på ein lang fjelltur, ein liten gåtur på 15 minutt kan vere meir enn nok for å få kopla av. Eit lite tips i tipset er å la telefonen liggje igjen heime, då kan ingen nå deg med maset sitt og du treng ikkje å tenke på å ta eit fint Instagram-bilete frå turen.

4. Ver sosial
Eg skjønar at det kan vere vanskeleg å sosialisere seg viss du ikkje kjennar nokon på studiet, i byen eller på universitetet. Men, det er alltid noko som skjer rundt på universitetet. Linjeforeiningar og studentorganisasjonar er alltid opne for å ta i mot nye folk, og frivillige trengs sikkert i baren på Tappetårnet. Universitetet har og eige idrettslag, og fekk nyleg eit e-sportlag, så her er det berre til å henge seg på.

5. Det blir betre
Har du nettopp starta på studiet, og synes ikkje det levde opp til forventningane? Ikkje dropp ut! Det blir betre etter kvart. Første semester er gjerne litt meir generelt, men etter kva eg har erfart, og høyrt frå andre, så blir det meir interessant etter kvart.

6. Snakk med nokon
Viss du er langt nede, føler seg einsam og alt verkeleg berre er jævlig så må du snakke med nokon. Ring heim, eller reis heim på besøk til familie og gamle vener. Er problema for store, så anbefaler eg ein psykolog eller helsesøster.

7. Det er lov å sei nei
Sjølv om du likar å vere med på alt mogleg og seier ja til det meste så er det lov å seie nei. Så lenge du syns det er kjekt å trivast med alt du gjer, så er det berre til å køyre på, men pass på at du ikkje treff veggen. Det er lov å seie nei før det blir for mykje.

8. Eksamen
Kvart semester er det eksamen. Datoane blir lagt ut lenge før, så det er plenty av tid til å både planleggje fram mot eksamen og å grue seg til dagen. Slapp av og pust. Eksamen kjem uansett om du er klar eller ikkje. Det er ikkje farleg å stryke (med mindre du har gjort det to gonger tidlegare på same eksamen), mange har gjort det før deg. Eg har slutta å stresse med eksamen, eg les gjennom pensum og førebur meg det eg klarar og så får det går som det går. Så lenge du står må det vel vere godt nok?

9. Tenk positivt
Lettare sagt enn gjort.

kristin-frafjord-studietipsDen drevne UiS-studenten, Kristin Frafjord, gir deg de beste tipsene om det å være student.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.