Studietips: 9 nyttige studentrabattar

0

Som student er du eit ynda mål for butikkar, nettstader, restaurantar, bara og kulturinstitusjonar. Det er du som er framtida, og om du får ei god oppleving hjå ein aktør i studietida er det fullt mogleg du vil nytte denne også i framtida.

Det er ikkje vanskeleg å finne fram til kva studentrabattar som er å finne i Stavanger, men eg har likevel samla ei liste med 9 rabattar eg tenkjer kan vere nyttige å vite om. Pengane ryk fort veit du.

1. Tannlege
Å gå til tannlegen er noko dei færraste likar og rekninga i etterkant kan bli stor og vond. Eg snakkar om erfaring etter å ha brukt 5000 kroner på å trekkje fire visdomstenner. Hjå tannlege Odd Bjarne Tjelflaat får du 25 prosent studentrabatt, og hjå tannlege Anne Follegg i Stavanger får du 10 prosent rabatt. Skulle rekninga likevel bli i overkant kan du søkje om helserefusjon hjå SiS.

2. Buss og tog
Parkeringsplassen er full før klokka 09:00, ein sykkeltur freistar kanskje ikkje så mykje og det å gå er for mange heilt uaktuelt. Då blir det ofte buss. Hjå Kolumbus får du studentrabatt på alle billettar. Skal du reise heim kan du nytte deg av NSB – her får du 25 prosent rabatt på alle bilettar. Må du ut å fly får du 25 prosent rabatt på billettar hjå Flybussen.

3. Billig trening
Å få trena litt innimellom førelesningar, lesing, middag, vener og alt anna er ikkje dumt. SiS Sportssenter tilbyr trening for 210 kroner i månaden. Ein drop-in time får du for 70 kroner. Sats/Elixia vil gjerne ha studentar som medlem og gir alle studentar 20 prosent på alle medlemsskap.

4. Mat
Å gå ut å ete kan bli dyrt. Al Forno Ristorante gir studentar 20 prosent rabatt på all mat og alkoholfri drikke. Yummi India tilbyr 25 prosent rabatt på Tikka Masala og nanbrød. Sjøhuset Skagen vil òg ha studentar hjå seg, og tilbyr 15 prosent rabatt på lunsj og middag. Blir det likevel for fancy kan du alltids ta deg ein halv subs-meny til studentpris på Big Bite. Er du fyllesjuk ein søndag får studentar ein stor pizza til 159 kroner. Gull verd!

5. Underhaldning
Kino er dyrt. 130 kroner for ein billett er ikkje alltid verd det du får sjå. Heldigvis får me studentar rabatt på kinoen òg. På kinoen i Stavanger og Sandnes er det studentrabatt frå måndag til torsdag. Då får du filmen for 80 kroner.

6. Museum
Roleg laurdag eller svolten på ny kunnskap? Oljemuseet, Vitengarden og arkeologisk museum har alle studentrabattar, så ingen grunn til å droppe byens museum. 40 kroner for ei fin oppleving på eit av musea i Stavanger er ikkje mykje.

7. Folken
Studentersamfundet har studentpriser på alle konserter og her er det alltid topp stemning.

8. Overnatting
Dei aller fleste hotell tilbyr studentprisar på hotellovernattingar. Thon hotell, Scandic og Hotels.com har gode priser for oss studentar. Så ingen grunn til å ikkje sove på hotell og unne seg ein hotellfrukost.

9. Klede
Garderoben treng alltid litt nytt, og får du det til ein litt billegare penge er det ein vinn-vinn situasjon. Moods of Norway har studentrabatt, i tillegg til mange nettbutikkar. Nelly, Zalando og Boozt har alle egne rabattar for oss.


kristin-frafjord-studietipsStudietips gir deg tips og triks til alt som har med studentlivet å gjøre. Spalten skrives av UiS-student, Kristin Frafjord.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here