Slik stemmer du ved studentvalget!

0

Tekst: Kristin Frafjord. Foto: Arkiv

3 -14 oktober er det klart for årets studentval. Kvart år får studentane ved UiS moglegheita til å stemme inn studentar til Studentparlamentet, det øvste organet for studentar ved UiS. Har du betalt semesteravgifta har du stemmerett. Men, universiteta over heile landet slit med å få studentane til å engasjere seg.
– Eg trur løysinga er å finne saker som er nær studentane, og som dei ser og merkar effekten av, både på kort sikt og lang sikt, seier Magne Bartlett, leiar av StOr.

I år har StOr satt seg eit mål om 20 prosent oppslutning, og håper studentane vil gjere den litle innsatsen som skal til for å få ein betre studiekvardag. For seine sensurar, moglegheit for praksis og parkeringssituasjonen er alle saker som dei ulike listene meiner noko om, og som studentar snakkar seg i mellom om.
– Me meiner instituttet burde få bot kvar dag ein sensur er for seint ute. Det går no ein debatt mellom listene om StOr, som uttalar seg på alle studentane sine vegne, skal vere for eller i mot parkeringsavgift. Har du meiningar om dette, eller andre saker bør du stemme. Jo høgare oppslutning valet får, jo større gjennomslagskraft har me for den politikken studentparlamentet vedtar, seier StOr-leiaren.

Din sjanse til å bestemme
Stemmeretta ved Studentvalet er med andre ord din sjanse til å bestemme kva som skal satsast på det komande året, og åra etterpå. Fleire parkeringsplassar? Betre kollektivtilbod? Digital eksamen i alle fag? Meir samarbeid på tvers av fakulteta og studentorganisasjonar? Kva vil du? Finn lista du er mest einig med, og stem.
– Studentvalet er studentane si moglegheit til å vise kva som betyr noko for dei, både når det gjeld det faglege og studiekvardagen rundt det faglege innhaldet. Me ynskjer at studentane skal bry seg om si eiga framtid, og neste generasjons studentar. Det er viktig at dei bruker stemmeretta slik at universitetet kan bli betre, seier Victoria Walberg, nestleiar for læringsmiljø i StOr.  

I år stiller fem lister til val: Liberal liste, Moderat Liste, EnivronmentaList, ISU Liste, Sosialdemokratisk Liste og TEKNAT-liste.

Slik stemmer du
Valet startar 3. oktober, og då får alle studentar tilsendt ein e-post på student e-posten. I denne e-posten er det ein link som du følgjer for å stemme. For å stemme nyttar du studentnummeret og passordet du brukar på Its Learning. Når du har logga deg inn på sida, trykker du på «Start stemmegiving». No må du velje den lista som du er mest eining med.

Er du usikker på kva listene står for? Finn dei på stavangerstudent.no, eller les SmiS-saken om listene. Veit du allereie kven du skal stemme på, er det berre til å stemme. Rekkefølgja på listekandidatane kan du endre, og har du trykka feil kan du gå tilbake til førre side.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here