Disse listene stiller til studentvalet 2016

0

SmiS har tatt en prat med nokon av leierane, og gir deg ein oversikt over alle listene som stiller til årets studentval.

Tekst: Kristin Frafjord og Pernille Sivesind Thomsen. Foto: Kristin Frafjord

3 til 14. oktober i haust er det studentval på UiS. Valet er digitalt og alle studentar får tilsendt ei link der de kan stemme på sin favoritt. Alle studentar oppfordrast til å stemme, slik at dei sjølv får bestemme over sin eigen studentkvardag.

Liberal liste

Listeleder Nora Shaban (20) studerer sosiologi, og såg at ho hadde fleire moglegheiter til å engasjere seg i ulike linjeforeiningar og organisasjonar.
– Eg har alltid vore interessert i politikk, så det var naturleg for meg å engasjera meg i studentpolitikken. Eg har lyst til å vere med å kjempa for studentsaker, og bidra til at studentkvardagen skal bli betre, seier Nora Shaban.

Shaban blei no i haust valt til ny listeleiar for Liberal liste, og har ambisjonen klar.
– Eg vil ha tre representantar inn i studentparlamentet, gjere lista vår meir synleg og få gjennom fleire saker, seier ho.

Shaban meiner studentpolitikken har stor innverknad på kvardagen til studentane, og seier lista kjempar for ein enklare studiekvardag. I år har dei sett seg ut sju saker dei vil jobba for. Psykologhjelp i eksamenstida, større bussar i rushtida, like vilkår for studentkort og ungdomskort, gje internasjonale studentar betre informasjon om bustader, kolliderande eksamenar skal bli gyldig grunn til konting innan 2017, og få praksis som valfag i teoritunge fag.
– Praksis trur me vil gjere teoritungefag meir attraktive, dessutan vil studentane sjå kva dei kan bruke utdanninga til. Kolliderande eksamen som gyldig kontegrunn og praksis som valfag vil gje studentane meir fridom til å velje sitt eige løp, seier ho.

Liberal liste vil vere synlege på campus, og vil fronte sine beste saker i valkampen. Men å få studentane til å stemme under valet er alltid ei utfordring.
– Me samarbeider med dei andre listene, og trur at den beste måten å få studentane si stemme er å fortelja kor viktig studentparlamentet sin jobb er. Med Liberal liste i Studentparlamentet vil studiekvardagen bli lettare. Alle bør bruke stemmeretta si, seier sosiologistudenten.

PROGRAM FOR LIBERAL LISTE:
– Utvide tilbodne til studenthelsetenestene og lage fleire lavterskeltilbot: Styrke studenthelsetjenestene, bevilge mer pengar til SiS psykologteneste, sørge for kortere ventetid i psykologtjenesten, få på plass utvida fastlegeordning for studentar, styrke tillitsvalgtordninga, styrke karrièresenteret, styrke servicetilbudene, bygge 200 studentboliger i Stavanger hvert år i løpet en femtenårsperiode.
– Kvalitet i utdannelsen: Gjøre praksis til valgfag i teoritunge studieretninger, gjøre kolliderende eksamen til gyldig kontonasjonsgrunn, stille krav til at forelesere har pedagogisk kompetanse.
– Framtidsuniversitet: Sikre digital eksamen innen 2019, sikre at podcast eller video av forelesningene legges på nett, sikre studentenes personvern, få på plass en plan for revitalisering av uteområdene på campus, bygge studentparken, få på plass en helhetlig estetisk plan for campus, sørge for en utslippskartlegging av universitetet, sørge for at alle nye bygg på campus skal være nullutslippshus eller plusshus, forbedre studentbusskortet slik at det får like betingelser som ungdomskortet, forbedre busstilbudet slik at det blir enklere å komme til campus fra hele regionen, sørge for at dobbeldeckere og leddbusser sendes i rushtiden, heller enn på tilsynelatende vilkårlige tidspunkt, bygge «sykkelhotell» med ladestasjon for el-sykkel.
Internajonalisering: Sørge for at internasjonale studenter kan ønske seg bolig, og på forhånd få god informasjon om mulighetene, etablere godkjente fagpakker for de utvekslingsprogrammene som ikke har det innen 2020, jobbe med Kolumbus for å forbedre bussforbindelsene på Sola Sjø.

Enviromental listShan Amin (20) studerer biologisk kjemi, og har teke på seg ansvaret for å leie Enviromental list ved UiS.
– Verda treng ein grøn politikk, om man ynskjer å påverke verda trur eg universitetet er ein bra start å byrje, seier han.

Miljølista blei til i fjor haust. Shan Amin hadde ein visjon, og saman med ein gjeng andre engasjerte studentar starta dei opp lista. Han ynskjer at Miljølista skal vere årsaka til eit meir berekraftig universitet.
– Studentpolitikarane formar kvardagen til studentane. Dei bidreg til at universitetet har eit døgnopent bibliotek, studiestøtte til alle og moglegheita til gratis helsehjelp, seier han.

I år vil Miljølista kjempe for at UiS blir eit universitet med fokus på etiske og bærekraftige løysingar.
– Studiedagen skal bli så miljøvennleg som mogleg, med eit grønt og etisk kantinetilbod, papirfritt pensum og auka satsing på sykkel og kollektivtransport, seier han.

Shan Amin meiner desse sakene er viktige for studentane. UiS utdannar ingeniørar som er med på å produsera energi for framtida.
– Stavanger er ein av byane med høgast energiproduksjon i Europa, derfor er det viktig at etikk og miljø blir satt på dagsorden, seier han.

Listeleiaren meiner Miljølista har eit stort potensiale, blant anna er det mange som irriterer seg over at UiS ikkje kildesorterer.
– Med fleire frå Miljølista i Studentparlamentet vil studentane få betre anlegg for kildesortering, betre luftkvalitet, smartare digitale løysingar og sunne alternativ i kantina, seier Amin.

For å få studentane sin stemme vil dei vere synlege på campus, i studentmediene og på sosiale medier.
– Me har hjarta på rette staden, og kjempar for studentane si notid og framtid, seier han.

PROGRAM FOR ENVIROMENTAL LIST:
– Universitetets framtid: Universitetet må ha etiske retningslinjer og jobbe for en mer bærekraftig utvikling, universitetet bør vektlegge miljøsertifiserte tjenester, leverandører og varer i alle innkjøpsprosesser, for å beskytte akademisk frihet – bør ikke universitetet inngå avtaler med selskaper som setter krav for hvordan pengene skal brukes, universitetet bør utvide bredden av studietilbud som gir kompetanse til grønne arbeidsplasser, pensum i eksisterende studietilbud skal i større grad vurderes i et klimaperspektiv, universitetet bør utnytte takarealet på bygninger til grønn teknologi, kartlegge utslipp for universitetet og bruke dette til effektivisering, arbeide for at nye bygg på campus er nullutslipps- eller plusshus.
– Miljøvennlig studenthverdag: tilrettelegges for syklister ved universitetet, studentrabatt for bysykler i Stavanger, flere parkeringsplasser på campus for elbiler og elsykler, muliggjøre reservasjon av parkeringsplasser for studenter som er avhengige av bil, innføre en fordelsordning for kompiskjøring, UiS som knutepunkt når det planlegges ruter for kollektivtransport, fjerne aldersgrensen på studentkort på buss for heltidsstudenter, et grønt og etisk kantinetilbud, med mer økologiske, allergivennlige og planebaserte tilbud, arbeide for plantebaserte tirsdager hos SiS, det skal legges til rette for kildesortering og resirkulering på campus, nye studentboliger bør bygges med energimerking A, øke bruken av papirfritt pensum og digital eksamen, valgfri betaling av kopipenger i semesteravgift og videreføring av kopipenger mellom semestre, tidligere versjoner av pensumlitteratur skal kunne brukes i emner hvor dette er hensiktsmessig.
– Studenthelse: Ha egne studentleger på campus, øke antallet studentpsykologer slik at det samsvarer med behovsnivå og korte ned ventetiden, forenkle og øke helserefusjonsgrensen, fleksibelt medlemskap i SiS som for eksempel klippekort eller kvartalkort, sikre godt inneklima, foreta jevnlige målinger av luftkvaliteten, oppgradere eldre ventilasjonsanlegg, redusere mengden nakne betongvegger da dette skaper skadelig betongstøv.

ISU
isuAbdelnour Alhourani (26) studerer til ei mastergrad i biokjemi. Han kom til Noreg for eit år sidan, og fekk sjå kor stor makt studentane har via studentparlamentet.
– Eg meiner studentane er dei som veit best korleis det faglege og sosiale kan blir betre under studietida, seier han.

Alhourani er med i ISU Norge sitt nasjonale styret for Studenttinget, og har ambisjonane for ISU klar.
– Me er ei liste for studentar, deira behov og problem vil bli satt først og me vil lytte til kva studentane har å seie, seier han.

ISU vil ha betre integrering og samhandling mellom norske og internasjonale studentar. I år er ein av dei viktaste sakene å finne ei løysing på bustadproblemet for internasjonale studentar.
– Me må inkludere dei, ikkje skyve dei vekk frå universitetet. Sola har ikkje det beste kollektivtilbodet og dei har ingen moglegheit til å endre bustaden sin, seier han.

ISU vil òg jobbe for at UiS blir eit høgare ranka universitet.
– Ranking på internasjonalt nivå gjer universitetet meir attraktivt for studentar over heile verda. UiS er ikkje berre eit olje-universitet, det finns mange fleire vegar å gå her, seier han.

Alhourani håper studentane vil bruke stemmeretta. Han er oppteken av å sikre rettferdig representasjon i studentparlamentet.
– ISU er ei unik liste som gir mangfald og sørgjer for at alle spørsmål vil bli tatt opp. Nordmenn, så vel som internasjonale studentar, er einige om at alt ville vore mykje betre om alle blei høyrt, seier han.

Valdeltakinga har vore låg ved studentvala i mange år, men ISU vil vere med på å gjere studentane bevisst på at deira stemme har noko å seie.
– Det kan vere vanskeleg å få studentane til å stemme, men me trur alle studentar blir motiverte til å stemme når dei høyrer at stemma faktisk kan utgjere ein forskjell i kvardagen, seier han.

PROGRAM FOR ISU:
– Skape et mer internasjonalt UiS: Forbedre universitetets rykte ved å inkludere det i en internasjonal rangsjeringsliste,utvikle meir utvekslingsmuligheter ved å samarbeide meir med universiteter over hele verden, mer studentdeltagelse i konferanser ved å kutte ned byråkratiske barrierer.
– Forbedre bosituasjonen til studentene: innføre en rettferdig søknadsprosess som sørger for at alle studenter har en sjanse til å få en bustad som er mest relevant for dem, endre søknadsprosessen for internasjonale studenter slik at de får velge sin egen studentbolig i stedet for å bli tildelt en, få til en ny organisering av boligsituasjonen til utvekslingsstudenter i stedet for å plassere de sammen på Sola med dårlige kolllektivalternativer.
– Sørge for at studentene får mer tilgjengelige kollektivtilbud: Bedre busstilbudet på kveld-og nattestid til og frå campus i tråd med det døgnåpne biblioteket, oppheve aldersgrensen på studentrabatten på Kolumbus.
– Gratis utdanning som konkurransedyktig fordel i dagens globaliserte verden: ISU står imot alle forslag om at internasjonale studenter skal betale for utdannelsen sin i Norge.

Sosialdemokratiske liste
Ingrid Brustad (20) studerer statsvitskap ved UiS, og håpar dei andre listemedlemma valte ho fordi dei har trua på at ho kan gjere ein god jobb.
– Eg vil få inn fleire representantar i parlamentet enn det me har hatt tidlegare, så vil eg gjere sosialdemokratisk liste meir synlege blant studentane, seier Ingrid Brustad.

Ho meiner studentpolitikarane har ei viktig oppgåve ovanfor studentane, det er i Studentparlamentet kvardagen blir forma.
– Me veljar studentrepresentantar til styrer og utval på UiS, desse jobbar aktivt med å fremje studentane si sak, seier ho.

Sosialdemokratisk liste har i år valt å fokusera på psykisk helse, då UiS er det universitet kor studentane slit mest psykisk.
– Ting kan vere vanskeleg og tungt når man er student. Mange bur langt vekke frå heimstaden og opplev einsamhet. Det kan skje ting som gjer livet vanskeleg, og derfor er det utruleg viktig at me har eit psykologtilbod på UiS. I dag er det dessverre slik at kvar student berre får seks timar hjå SiS sin psykolog, og for mange er det alt for lite, seier ho.

Lista vil samtidig kjempe for eit meir miljøvennleg universitet, og betre sykkelordningar. Streaming av førelesningar og digitale løysingar er og ein del av programmet.
– UiS har brukt mykje pengar på streaming-utstyr som ikkje har blitt teke i bruk. Det er viktig at det blir tilrettelagt slik at fleire får med seg undervisninga, eksempelvis viss du er sjuk eller må på jobb, seier ho.

PROGRAM FOR SOSIALDEMOKRATISK LISTE:
– Forbedre kollektivtilbudet: studentkort på båt, busstopp ved Sola Sjø, flere bussavganger i helgene, studentrabatt i alle aldre, ønsker at kommunen skal utreda gratis buss.
– Velferd og sosialt: Forbedre psykologtilbudet, innføre en ordning med introduksjonskort til kulturlivet for studenter, felles årshjul der alle studentorganisasjoner kan legge inn sine arrangementer, allergivennlig mat skal være i samme kostnadsgruppe som «vanlig» mat og være godt merket, se etter muligheter for øket støtte til Fadder – det er en fest som forebygger ensomhet, ønsker en velkomstordning for studenter som ankommer om våren.
– Utdanning: Sensuren skal foreligge innen tre uker, ønsker en saksjoneringsordning på 1000 kroner i bot hver dag sensurfristen overskride etter modell fra NTNU, jobbe for økt bruk av eksterne sensorer, ønsker at flere fag skal tilby streaming.
– Rettferdig Studentrepresentasjon: Ønsker at studenter i styrer og utvalg skal bli honorert på lik linje med faglig ansatte og eksterne i samme styrer og utvalg.

Moderat Liste
moderatAndre Pedersen (20) er Stavangergut og studerer statsvitskap. Han engasjerer seg i studentpolitikken for å gjere kvardagen til studentane enda betre.
– Eg har politisk erfaring frå før, og fekk støtte frå dei andre medlemmene då eg blei valt som leiar, eg trur eg vil fronte lista på ein god måte, seier han.

Han håpar å behalde dei medlemmene lista har i parlamentet i dag, men håpar å få fleire inn etter valet.
– Moderat liste jobbar for studentane, og håper at me kan fortsette med det etter valet, seier han.

Moderat Liste har kjempa for å få byggja ein ny fotballbane på campus Ullandhaug, og kjempa for ein tilsett rektor. I år vil dei kjempe for at UiS blir eit meir framtidsretta universitet med press på digital eksamen, og eksamensretting av ein ekstern sensor.
– Eksamenar blir retta internt, det er ikkje godt nok. Viss me ynskjer å stå fram som eit seriøst universitet må me vite kor me står i fagmiljøet, seier han.

Tappetårnet har blitt ein «hit» blant studentane, og studentmiljøet har blitt større. No meiner Moderat Liste at tida er inne for å utvide Studentanes hus og Tappetårnet.
– Me ser at studentane treng eit større samlingsrom. Det har lenge vore eit problem at studentmiljøet på UiS har vore lite og uengasjerande. Me vil ikkje at mangel på plass skal vere ein grunn til dette, seier Pedersen.

Moderat Liste håpar på å nå målet om 20 prosent valdeltaking. Planane for valkampen blei lagt før sommaren, og partiet har registrert seg som eigen organisasjon.
– Me får betre moglegheit til å nå ut blant studentane og vil nytte sosiale nettverk. Me vil nå ut til mange, men samtidig vere tilstades på campus, det viktigaste er å informera om valet.

PROGRAM FOR MODERAT LISTE:
– Studentvelferd: Å ha et samlet universitetsområdet på Ullandhaug, bygge en ny flerbrukshall for idrett, flere nye studentboliger på Campus Ullandhaug, flere studentfordeler og -rabatter i regionen, styrking av helsetilbudet på campus, egen lege på campus, lengre åpningstider i SiS-barnehage under eksamensperioden, utvidelse av Tappetårnet for å få større lokaler til «Studentbaren Tappetårnet» og Kontorlandskapet i 2 etasje, flere møteplasser for å inkludere internasjonale studenter i studentmiljøet, jobbe for at Folken skal bli et attraktivt utested for studentene i Stavanger.
-Samferdsel: Fortsette med gratis parkeringsplasser på UiS, at alle parkeringsplassene på UiS skal være tilgjengelig for studenter, flere bussavganger til og fra Campus Ullandhaug – alle dager i uken inklusivt søndag, gratis nattbuss, Bysykkel-ordning mellom Campus Ullandhaug og Stavanger.
-Miljø: Jobbe for at UiS begynne med kildesortering og resirkulering.

Tek.nat-liste
tek-natTeknisk naturvitskapeleg fakultet har oppretta ei eiga liste og stiller til val i haust.

PROGRAM FOR TEK.NAT-LISTE:
– Studiekvalitet: Mulighet for praksis i alle studier, mer samarbeid mellom fakultetene for å gjøre det lettere å ta fag hos andre fakulteter og institutter, foreleser og forsker bør være adskilte stillinger i generelle grunnfag, oppfordre til bruk av studentassistender der det er mulig for å hjelpe faglærer og øke tilgjengeligheten etter vanlig arbeidstid, bedre tilrettelegging for digitale verktøy, likt vurderingsgrunnlag for fjerde eksamensforsøk for hele institusjonen, bedre tilrettelegging for oppgaveskriving hele året på bachelor og mastere, opprette en mappestruktur for studentorganisasjonene på It’s Learning for å gjøre det lettere å informere studentene, pålegge UiS å informere om institusjonens oppbygging og muligheter. –Studentvelferd: Øke tilgjengelighet og muligheten for at studenter kan bruke fasiliteter som institusjonen eier, flytte idrettslinjens aktiviteter til SiS Sportsenter, nytt og større Studentenes Hus – inkludert Tappetårnet.
-Samferdsel: Innelåst sykkelparkering for studenter – ikke bare ansatte, forlenge nattbuss tilbudet til langhelg; torsdag – lørdag, Bysykkel; By-Campus, parkeringskostnad for de som velger å kjøre bil når de egentlig kan kjøre kollektivt eller sykle – men, gratis parkering for de som må kjøre bil gjennom en søkeprosess, der grunner kan være barn som må kjøres, varierende arbeidslokasjon eller kompiskjøring.
-Andre saker: Fjerne monopolet til SiS slik at det er et åpent marked på kafé-drift, for å øke tilbud til studenter og for å minimere prisene.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.