Studietips: 9 tips for ein god studiestart

0

Fadderveka er over, og studieåret er i gang. Kanskje er du ein av dei mange heilt nye studentane, eller så har du lagt bak deg eit, to, tre, fire eller fleire studieår allereie? Kanskje har du studert ein annan stad tidlegare, skal byrje på eit nytt studium, eller kjem du rett frå russetida og vidaregåande? Er du ein av dei mange som må studere vidare, fordi det ikkje finst jobb? Uansett kva situasjon du er i, er det viktig med ein god start på studiet og semesteret.

Her får du tips som kan hjelpe deg til å få ein mindre stressfylt haust.

1. Sett deg inn i timeplanen, pensumlister og emna du skal ta
Lite er så kjedeleg som at timeplanen ikkje går opp i opp med andre gjeremål, eller at du har kjøpt utdaterte pensumbøker. Sett deg inn i emnebeskrivinga slik at du veit kva som forventast av deg. Er det noko som er obligatorisk? Gruppearbeid? Innleveringar? Skuleeksamen, eller heimeeksamen? Få greie på alt dette i starten. Lite er så kjipt som å ha bestilt ein London-tur same veka som du har heimeeksamen.

2. Ikkje få panikk
Sjølv om 3000 sider med pensum, fem innleveringar, to heimeeksamenar, førelesningar kvar dag, to eksamenar på ei veke og konstant pengemangel kan virke skremmande, så gjeld det å ikkje få panikk. Det går fint. Berre husk å pust.

3. Engasjer deg!
På universitetet finst det mange organisasjonar, linjeforeiningar og politiske parti. Finn din linjeforeining eller engasjer deg i alt det andre som skjer på UiS. Eit engasjement utanfor studia ser bra ut på CV’en, samtidig blir du kjent med andre, får eit større nettverk og verdifull erfaring.

4. Kjøp gjerne brukt
Som historiestudent brukte eg nærare 3000 kroner på nye pensumbøker det første semesteret. Heldigvis lærte eg av mine feil, og kjøpte brukte bøker til halv pris det neste semesteret. På Facebook finns det mange «Kjøp-salg- av pensumbøker»-grupper. SiS bokhandel har også bra priser på alt du trenger til studiestart.

5. Tenk økonomisk
Å vere i pengenaud er ikkje kjekt, og studiestøtta strekk ikkje til for dei fleste. Tenk over kva du bruker pengane på i starten, og sett gjerne opp eit budsjett.

6. Bli kjent med folk
Dette punktet burde gjerne stått lenger oppe, for det er viktig å bli kjent med dine medstudentar. Gjekk du glipp av fadderveka, treng du ikkje få panikk, dei fleste er opne for å bli kjent med andre. Ta kontakt, ver open og imøtekommande.

7. Få oversikt over campus
Kor er AR? HG? KA? Linehuset? Ta deg ein tur rundt på campus, og gjerne ein tur inn i bygga. Finn fram til undervisningsromma du skal vere i, dei ulike kantinene og deira opningstider samt næraste toalett.

8. Bussruter
Bur du eit stykke unna campus og må ta buss bør du sette deg inn i bussrutene. Korti går bussen? Kor lang tid bruker den? Er dei ein buss som går raskare, eller kan eg sykle? Kolumbus køyrer bussane her i distriktet. Last ned appane, så får du heile oversikta.

9. SiS.
Studentskipnaden i Stavanger er god å ha. Dei eig studentbustadene, driv sportssenter, kantiner, bokhandel, kaféar, barnehage og tilbyr helsetenestar. SiS gir deg blant anna helserefusjon og støtte til arrangement.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.