Husfesten 2016: Når studentane tar styringa

0

19.000 innkjøpte alkoholeiningar. 1600 studentar. Reingjeringskostnadar på over 70.000 kroner. Husfesten på Universitetet i Stavanger er avvikla nok ein gong. 

Tekst: Jørund Vatle Sandgren
Foto: Lene Borgchgrevink

Klokka nærmar seg åtte den første laurdagen i mars, husfesten 2016 har allereie halde på i nesten to timar. Det oppstår ei generell uvisse om kvar på campus Kjell Arholms hus, også kjend som KA-bygget, faktisk er.

– Er du sikker på at det er her? spør ein litt usikker fotograf.

Plutseleg høyres det høg musikk. Det blinkar i fargerike lys innanfor eit vindauge på eit av skulebygga. Det er tydeleg at den største studentfesten i heile Rogaland er godt i gang.

Rett inn hovudinngangen ser det ut til at det er gjort små forandringar i skulebygget for å gjere dette til årets største happening for studentane i Stavanger. Bortsett frå at Tappetårnet har sett opp ein bar ved hovudinngangen og at hovudscena er lyssett og gjort om til eit dansegolv, ser Kjell Arholms hus ut som nettopp, Kjell Arholms hus.

Nullprosjekt

– Vi i Tappetårnet har sett opp vår eigen bar her ved konsertområdet då det er her trykket vil vere utover kvelden. Klokka tolv stenger vi gangane, og då vil folk kome hit, seier daglig leiar for Tappetårnet Tim Raaum Kristiansen.

– Det er eigentlig greiast sånn, då våre tilsette har meir opplæring i å sjå korleis folk ligg an og om vi kan servere dei meir alkohol.

– Får dei forskjellige linjeforeiningane laga sine eigne drinkar for å sette preg på baren?

– Nei, det er Tappetårnet som stiller med alkoholen. Linjeforeiningane får litt pengar av oss som dei kan bruke på å sette særpreg på barane sine, og så sel dei alkoholen vi har gitt til den prisen vi har avtalt. Det er vi som får inn pengane, men vi tener eigentleg ingenting på husfesten, vi går kanskje akkurat i null.

God gang

Rett forbi dansegolvet vert endringane tydelege. Inn til ei glasdør er det lagt raud løpar og litt innover i rommet er det sett opp ein stor bar. Vidare inn ei bakdør er det ein innleidd DJ, med eit stort dansegolv studentane kan boltre seg på. Det er også sett opp beer pong i eit hjørne. Velkomen til Økonomistudentanes Foreining.

Omtrent midt i lokalet sit det to jenter med ein heliumballong.

– Sjølvsagt er det gøy, vi har vore her i halvannan time! seier Elise Granholt ekstatisk.

– Det var ikkje så mykje liv då vi kom, men no har det betra seg, fullfører Ragnhild Goa.

– Kva er gøy så langt?

– Beer pong, alkohol og ballongen min! ler Goa.

Ned trappa og inn i gangane til undervisningsromma er det og gjort store endringar. Forbi toalettkøa er fleire av undervisningsromma og grupperomma gjort om til barar med alskens forskjellige tema. Ein bar er omgjort til ein hyllest av dei greske gudane og dei olympiske leiker, andre er omgjort til ei bule som prøver å ha eit meir avslappa preg, med lav musikk som opnar for dei gode samtalane. I ein annan bar er det hengd opp eit provisorisk telt i taket, med tilhøyrande koseputer og badebasseng i interiøret. Rett ved hovudtrappa ned frå første etasje er det eit skilt som lyder “her e det god gang”. Skiltet viser veg til Linjeforeninga for Elektro og Data.

– Me har halde ope sidan klokka seks. Eg har vore her ein times tid, og skal stå i resten av kvelden. Me jobbar i skift, seier kveldens bartendar Tarjei Græsdal.

– Me har fått generelle skjenkevettreglar, der vi ikkje skal skjenka folk som er overstadig rusa. Det er vel stort sett det, om dei ikkje har rom for meir skal vi ikkje gi dei meir. Det har ikkje vore noko problem så langt.

– Kva syns du om at barane ikkje får laga sine eigne drinkar?

– Eg har eigentleg ikkje noko erfaring med å lage drinkar, så eg syns det er heilt greitt eigentleg, seier Græsdal og ler.

– Eg er jo berre student, eg har ikkje noko bakgrunn som bartender, så det er heilt greitt.

Passar på

Tidlig på kvelden er det ein person som vert bert ut på båre av ambulansepersonell, og det er blodspor på golvet ved hovudscena. Er 1600 personar på éin fest for mykje?

– Vi er her frivillig for å utøve førstehjelp om det trengs. Det står også parat ein ambulanse rett på utsida utanfor, seier Odd Terje Kvål frå Norsk Folkehjelp.

– Vi er her for å passe på, og for å ta oss av dei som har fått seg litt for mykje, seier Kvål og smiler.

Sikkerhet er tydeleg høgt prioritert på husfesten. Det er vaktar nærmast overalt, og bortsett frå at politiet var innom ein tur, går det med Norsk Folkehjelp i bakhand stort sett roleg føre seg utover kvelden. 

Forrykande avslutning

Popduoen Innertier frå Drøbak har tatt Noreg med storm den siste tida, og stod klare på scena som hovudtrekkplasteret til årets husfest. Dei har vore innom båe VG-lista og topp femti-lista til Spotify.

– Det er heilt sjukt at det har gått så fort. Det starta i russetida, då vi fant nærarae fram til kvarandre som vener og fann ut at vi likte den same musikken, seier Adrian Emile.

– Og resten er historie, skyt Karl Fredrik Dahl inn.

– Har de ei helsing til dei som ikkje fekk billett til årets husfest?

­– Ja! For de som ikkje fekk billett, skal vi love å ikkje spele så bra i år, så vi kan spele endå betre neste år om vi kjem tilbake slik at… nei, det vart litt rart, seier dei og ler.

– Vi håpar i alle fall at vi kan kome tilbake neste år! seier Emile engasjert.

Reporter: Metteliva Henningsen
Foto/redigering: Mia Langås Flåta

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.