Øl i augneblinken

0

I starten av februar var det klart for føredrag og ølsmaking på Melkebaren i Sandnes. Hugo Ivan Hatland, ein av forfattarane bak boka «Den norske ølrevolusjonen», sto klar for å fortelle om dei mange augneblinkane i Norges ølhistorie.

Tekst: Jørund Vatle Sandgren, Mathias Nyman Mortensen og Konstanse Heide Åkerman. Foto: Sandnes Bibliotek

Ekstra-bildeKLART FOR FØREDRAG: Bøkene er oppstilt, og powerpointen er på plass. Hugo Ivan Hatland tar oss med på ei reise i norsk ølhistorie.

Det er litt meir folk enn elles i Sandnes sin beste bar, i alle fall i følgje Sandnes Ølklubb. Fleire heng i baren, og stemninga er litt annleis. Plutseleg seier dama i baren at alle kan byrje å bevege seg innover. Inn ei lita dør, forbi herretoalettet, er det eit større lokale med ein mindre bar, og ein projektor peikande på den eine kortveggen. I det kvite skjermlyset står Hugo Ivan Hatland og held på med ein mygg.

– Velkommen, velkommen! proklamerer han på ekstatisk bergensk, og set i gang med foredraget.

Noreg og øl
Hatland fortel at det er 6000 år sidan dei første spora etter «sterk drikke», no kjend som øl blei funne.

– I Noreg kom ølet først i vikingtida. Den gong var det påbode å bryggje øl til jul. Om ein ikkje gjorde så, risikerte ein bot. Skjedde det ein gong til tok kongen over garden. Om ein så tredje jula på rad ikkje brygga øl blei ein landsforvist, seier han.

Vidare beveger han seg over på industriliseringa av ølproduksjonen.

“I 1912 blei det forbode å bryggje eige øl heime, ein lov som var gyldig heilt til 1999,” forfatter Hugo Ivan Hatland.

– 5200 år etter at dei første spora av øl blei oppdaga kom ølindustrien til Noreg. På 1800-talet var det altså 43 registrerte ølbryggjeri i landet. Og viss du syns nordmenn drikk mykje øl og er nokon fyllesvin i helgene, skulle du sett 1800-talets nordmenn. Då var det arbeidarklassen som drakk utanom arbeidstida. Gjennomsnittleg drakk ein nordmann over tolv liter rein alkohol i året. I dag ligg det talet på seks og ein halv liter.

I løpet av byrjinga av foredraget kjem barpersonalet inn med prøveglasa. Det er fire små glas, fylt opp med forskjellige øl i farge og karakter. Dei er dandert nydeleg på ein planke i tre, nedfelt i utbora hol. Alle i rommet får ein planke kvar. Hatland fortset om norsk ølkultur og produksjon.

– I 1912 blei det forbode å bryggje eige øl heime, ein lov som var gyldig heilt til 1999. I kjølvatnet av lovendringa vart det meir og meir populært å bryggje eige øl. I løpet av dei siste åra har til og med NM i heimebrygging vekse fram, fortel Hatland.

Glømd øl
Rundt eit kvarter inn i foredraget står ølprøvane framleis urørt, blanke, kalde og freistande.

– Oi, eg har glømd at vi må drikke øl! Vi byrjar med det første, «Lucky Jack» frå Lervig, seier Hatland.

Han tar ein sup av sitt eige prøveglas, unisont med resten av publikum.

– Dette ølet er eit særs godt øl, og ein av mine personlege favorittar, ein ekte «American Pale Ale». Slikt øl er ikkje som vanleg pils, for pils er jo som kjend berre pils. Det er svært stor variasjon blant norsk øl i dag, dette skal vi kjenne på dei andre prøvesmakingane. No passar det bra å ta historia bak Lervig, er det mange som kjenner historia her? fortset han.

Bilete 2 foto sandnes bibliotekENGASJERT: Hugo Ivan Hatland fortel om dei forskjellige typane med pilsner som vart brygga i Noreg på 80-talet.

Ein del hender går opp i veret.

– Det er mykje historie om striding mellom dei ulike ølbryggjeria i Noreg, ein for lang historie til å gå inn på her. Men den festlegaste av alle historiene er då Ringnes kjøpte opp gamle Tou Bryggeri i 1990. I 2003 ville Ringnes legge ned produksjonen i Stavanger, og dette møtte store protestar frå lokalsamfunnet, også hos politikarane. «Ei nedlegging av verksemda Tou vil oppfattast som ei umoralsk og fiendtlig handling», uttalte Arbeiderpartiet i 2003. Likevel flytta Ringnes produksjonen, og tok med seg varemerket Tou. Den dag i dag eksisterer ikkje den originale Toupilsen, det er berre varemerket som Ringnes kjøpte att. Men som ein reaksjon vart det på same dagen Ringnes avslutta produksjonen i Stavanger oppretta eit nytt bryggjeri, Lervig Aktiebryggeri.

Ølelskande journalist
Historia om Tou og fleire norske ølbryggeri står i «Den norske øl-revolusjonen». Hugo Ivan Hatland har vore heldig som i det heile tatt har fått skrive boka. Han jobba tidligare som journalist, men måtte ta permisjon då han fekk ei alvorleg skade i handa. Legen sa han aldri kom til å kunne skrive igjen.

– Eg hugsar eg stod heime i spegelen på badet og grein. Tårene rann, ein blir jo heilt knust om nokon seier at livsverket ligg i ruinar! Men eg sa til meg sjølv at dette kunne ikkje vere sant, og ganske riktig; kort tid etter skaden klarte eg å skrive att.

Og skrive gjorde han. I tillegg til «Den norske ølrevolusjonen» har han skrive «Ølboka», og starta ein ølblogg. Bloggen heiter «Godt i glasset», ei anbefaling til alle som likar øl.

Øl i augneblinken
Når foredraget er slutt, opnar Hatland for spørsmål frå publikum. Ein brautande østlending som tydeleg kjenner Hatland frå før, spør om det beste ølet Hatland har smakt. Hatland svarar kontant:

– Det beste ølet eg har smakt var ein kald Hansa ein spesiell haustdag i 2007, nemlig den dagen Brann tok gullet heim til Bergen.
Publikum brøler ut i latter.

“Det er augneblinken du er i som gjer ølet du drikk akkurat der og då spesielt. Du kan mimre tilbake til augneblinken,” forfatter Hugo Ivan Hatland.

Etter foredraget spør vi Hatland om kva han syns om andre lokalpilsner, som til dømes pilsneren til Christianssands Bryggeri.

– Som eg nemnde tidlegare i foredraget, pils er jo berre pils. Om eg har lyst på ei pils, vel eg som bergensar sjølvsagt Hansa. Men om eg hadde sete i skjergarden på Sørlandet ein varm sommardag med beina i vatnet og ein «CB» i handa, ville det mest sannsynleg akkurat der og då ha vore det beste ølet i verda. Det er som eg nemnde om seriegullet, det er augneblinken du er i som gjer ølet du drikk akkurat der og då spesielt. Du kan mimre tilbake til augneblinken.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here