LESERBREV: Du er ikkje aleine om å vere litt usikker

0

Første eksamen er over, og for nokon få uheldige sosionomsjeler og andre stakkarar, vil det veldig snart gjenta seg sjølv. Som ein evig runddans av stress, lite mat og søvn, og fortaping. Ein ringer mamma, litt usikker. Likevel vil det for mange gå ganske mykje lettare etter eit første semester. Går du Master eller sisteåret på Bachelorgraden vil jo dette gå som ein draum! Eller er det fortsatt eit mareritt?

Tekst og illustrasjon: Jørund Vatle Sandgren.

Jørund leserbrev
Mange tenkjer på å slutte etter første halvår. Sjølv om det vert stress med lånekassa, å seie opp leilegheit, å gå ut av eit miljø som ein trivst i, så vil det fortsatt verke som den rette løysinga når det tårnar seg opp utover november og alle tre eksamenar kjem oppå kvarandre i desember. Det er den rette tingen å gjere. Særlig vil ein tenke dette sjølv.

Nokon har kanskje òg allereie stroke i eit fag, har ein kjekkas dei tenkjer mykje på heime i Trondheim, eller finn ut at studiet ikkje er riktig. Andre som vil fortsette prøver å halde dei igjen, seie at det er det dummaste ein kan gjere, det vert stress og tenkjer kanskje litt på seg sjølve når dei vil halde den andre personen igjen. Men til sjuande og sist er det bere ein sjølv som veit kva ein vil. Det er ein del som går folkehøgskule før studiane og, som ein liten kickstart på det å vere sjølvstendig, klare seg sjølv og å vere i eit sosialt miljø når mamma er på andre kanten av landet. Det er også dei ytst få som klarar å knuse kneskåla heime på juleferie.

“Når vi alle skal finne nokon vi kan kjenne oss trygg på blant universitetets over ti tusen studentar, skal det lite til før ein føler seg litt usikker”

Det er ganske mange av oss. Og når vi alle skal finne nokon vi kan kjenne oss trygg på blant universitetets over ti tusen studentar, skal det lite til før ein føler seg litt usikker. Likevel, det å føle seg lettare utilpass ganske ofte er ein nokså bortgjømd normalkultur. Enkelte vil slite litt med å identifisere seg sjølv som deprimerte, eteforstyrra, generelt stressa eller svært seksuelt frustrert. I ein kvardag som er prega av kropp, SiS sportssenter og uhorvelege mengder historier om såkalla ONSar på Jodel, vil kjensla av å vere sin eigen skugge snike seg på. Ein veit ikkje kva ein skal gjere om det til slutt seier stopp, og ein får lyst til å slutte. Det er då det er veldig greitt å få ei stadfesting på at det alltid er nokon rundt deg.

Sjølv er eg alltid den som kjenner eg bør passe på alle, og dermed tar ansvar for at alle skal ha det best mogleg utan å tenkje på meg sjølv. Etter ni timar søvn på tre døger, e-postkorrespondanse med NRK Rogaland på vorspiel mens alle vil ha meg med på drikkeleik og ein del samtalar om dritsekkar og kjærleiksmelankoli nådde eg mi grense. Når eg mi grense, byrjar eg å grine. Å sitte i eit vindauge og grine på eit vors i blokkene på Ullandhaug kjennes kanskje ikkje alltid like populært, men det var eigentleg det. Guten som alltid har så mykje omsorg for alle andre fekk litt omsorg sjølv til slutt. Kjensla av å vere litt usikker på sex, alkohol og alle andre rann ut og ga ein liten pause i all tenkinga.

Før jul tenkte eg på å slutte. Sjølv om det ville ha vore stress med lånekassa, å seie opp leilegheit, å gå ut av eit miljø som ein trivst i, så verka det fortsatt som den rette løysinga når det tårna seg opp utover november og alle tre eksamenar kom oppå kvarandre i desember. Det var den rette tingen å gjere. Særlig tenkte eg dette sjølv.

“Eg strauk i eit fag, ei besteveninne drog heim til ein kjekkas i Trondheim, og eg kjende litt at studiet ikkje var riktig”

Eg strauk i eit fag, ei besteveninne drog heim til ein kjekkas i Trondheim, og eg kjende litt at studiet ikkje var riktig. Eg hadde jo ikkje vore freista til å lese noko særleg før eksamen hadde vakse meg over hovudet, og sleit med å få gjort det eg måtte gjere for å få faga godkjend. Etter ein litt sippete telefonsamtale til mamma tok eg tak og fekk gjort det som måtte gjerast. Eg angrar ikkje.

Eg blei halden igjen. Og det var ikkje meg sjølv som visste best kva eg ville. Eg har byrja å lese allereie no, kanskje ikkje så mykje dei siste dagane, men eksamen blir eit mareritt gong på gong. Det er då det alltid er greitt å ha mamma å ringe heim til.

– Jørund Jørund Vatle Sandgren, UiS-student.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.