Er du ein fattig eller sløsande student?

1

Forbrukarøkonomen Magne Gundersen, kjent fra Luksusfellen, står klar for å hjelpe studentar som slit med å få endane til å møtast. Kanskje sløsar du meir enn du hadde trudd?

TEKST OG FOTO: Veslemøy Lyngstad

PS DSC_0016GOD STUDENTØKONOMI: Magne Gundersen vil hjelpe studentar med på halde orden på økonomien.
Det kjem ikkje som ei overrasking at den gjennomsnittlege studenten har lite pengar å rutte med.

Prioritering er eit viktig stikkord, seier Gundersen.

Gundersen holdt foredrag på Universitetet i Stavanger for å lære Stavangerstudentene om studentøkonomi.

Det er i grunn ganske enkelt med forbrukarøkonomi. Du har ein viss sum pengar og når det tek slutt kan du ikkje bruke meir. Kva skjer når du har brukt opp pengane på fest, kebab, taxi, ny kjole, to par sko, iPhone 6, konsertbillettar og ei flyreise heim? Husleiga skal betalast om tre dagar og alt du har råd til er ein fjorlandmiddag.

Unngå luksusfella
Om du har rota det skikkelig til for deg sjølv er det viktig å fikse problemet raskt. Det blir ikkje betre av å vente på at det skal gå over.

Kva skjer med meg no er det vanligaste spørsmålet eg får når folk har brukt pengar dei ikkje har, seier Magne Gundersen.

Det som skjer med deg om du ikkje betalar det du skuldar innan fristen er klager, inkasso (det har renter) og til slutt ein betalingsmerknad.

Det er ikkje kult å få betalingsmerknad, seier Gundersen med seriøse auge, og legg til at ingen som høyre på han no vil komme borti dette.

Han vil «vaksinere» oss ved å fortelje at dersom du får ein betalingsmerknad får du ikkje lån, kredittkort, betale på avbetaling eller nytt mobilabonnement. Du kan få problem med å leige bustad og kan berre gløyme å få jobb i finansnæringa. Først når du betalar tilbake det du skuldar forsvinn betalingsmerknaden.

Det er ein veldig dyr måte å betale rekningar på, seier Gundersen og legg til at rentene på slik nedbetaling er skyhøge.

Gjer rette val for framtida
I ei artikkel i Aftenposten utalte studenten Lovise Follesø at «når du først har smakt champagne har du ikkje så lyst på øl lenger».

Dette er eit sitat som passar godt til studentar sitt ønske om luksus, og ofte ser vi at dei også skaffar seg denne luksusen ved å anten nedprioritere det vi ser på som nødvendige postar i økonomien eller handlar på kreditt, seier Gundersen.

Men om studentar nedprioritera luksus er ikkje 7500 kroner all verdens å leve på i månaden.

Eit studentbudsjett er tøffare enn Luksusfellen, har min kollega Hallgeir Kvadsheim uttalt og det er noko sant i det. Det er vanskelig, men ikkje umogleg. Det handlar om å prioritere og kanskje ha ein jobb utanfor studiane. Studer 100 prosent og jobb 20 prosent! Dei unge og spreke har berre godt av kontakt med arbeidslivet.

Forskjellen på dei som endar opp på Luksusfellen og dei som ikkje gjer det er at dei som held seg unna problema har gjort riktige val heilt sidan dei var unge.

Gjer du dei rette val no har du stor sjanse for å gjere dei rette vala i framtida, forteljar Gundersen.

Sløsekalkulatoren
Gundersen fortel om eit ektepar som årleg brukte 18.000 kroner på brus. For å finne ut kor mykje du sløsar kan du bruke sløsekalkulatoren, ein kalkulator så skummel at den kan ta ifrå deg nattesøvnen

Eg utfordra alle til å ta den, men anbefala at du tar den saman med gode vener. Dei kan kontrollere om du er ærleg og sjølvsagt støtte deg når du finn ut kor mykje pengar du faktisk sløsar, seier Gundersen.
10 råd til ein smart studentøkonomi:
1.Sett opp budsjett
Du treng ikkje vere ekspert på Excel eller ha toppkarakter i matematikk. Lag ei enkel oversikt over kva du skal og kan bruke pengar på.
2.Ver på bustadjakt heile året
Alle studentar er på jakt etter bustad rett før studiestart, men det er alltid noko ledig. Så om du er ute etter ein billigare stad å bu må du vere tidlig ute. 500 kroner mindre i husleige blir mykje pengar i lengda.
3.Start ein BSU-konto medan du kan
Bustadsparing for ungdom har dei beste sparingsforholda på marknaden og gir skattefordelar. Om du skal få maksimalt ut av sparinga må du byrje før du er 22 år og fram til fylte 33 år.
4.Skriv handleliste
Det er ikkje vanskelig å skrive ei handleliste. Utfordringa er å halde seg til det som står på den og berre det som står på den. På den måten unngår du kostbare impulskjøp.
5.Gå på butikken maks to gongar i veka
Du er student og kan få plass til det du treng på ei veke i eit par handleposar. Planlegg kva du skal ete i løpet av ei veke slik at du ikkje må kaste mat som er gått ut på dato.
6.Kjøp mat på butikken
Dropp storkiosken og bensinstasjonen. Det svir i lommeboka.
7.Ikkje klag over dårlig råd om du har bil
Alle veit at ein bil har mange utgifter, så om du er student og har bil ber du om det.
8.Kor mange par sko treng du eigentlig?
Du har alltid lyst på fine og nye ting, men her handlar det om prioritering. Husleige eller 20 par sko?
9.Avbetaling er dumt og dyrt
Du har lite pengar, men treng sårt ein ny mobiltelefon. Den enkel løysinga er å betale litt kvar månad. Når det har gått fem år har du betalt tilbake det du skuldar, men med enkel rekning har du betalt over halvparten av det telefonen originalt kosta. Gratulerer! Du har kasta pengar ut vindauget.
10.Sjå på prislappen!
Om du vil eller ikkje er du ikkje millionær. Sjekk prisar på same produkt på nettsider som Kelkoo eller Prisjakt for å finne det beste tilbodet

1 kommentar

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here