Idrett i Valencia

0

Sebastian Schanche Sandgren var ein av 379 studentar frå UiS om reiste på utveksling i fjor. Valet hans fallt på Universidad Católolica de Valencia i Spania. Der fekk han seg ei stor overrasking. 

utveksling

Tekst: Kristin Frafjord
Foto: Sebastian Schanche Sandgren

Det er ikkje ofte idrettsstudentar reiser på utveksling, og i fjor var det berre Sandgren frå Universitetet i Stavanger som reiste frå studiet sitt.
– Eg trur eg er den einaste frå idrett som har reist på utveksling. Det låg masse arbeid bak før eg kunne reise og eg måtte ordne mykje sjølv, seier han.

Sandgren valte å ta heile tredje og fjerde semester i utlandet.
– Valet falt på Spania og Valencia. Eg hadde ikkje særleg mange alternativ, og Universidad Catololiza de Valencia utmerka seg med fag som innebar idrettsskadar og ny teknologi innanfor idrett, seier idrettsstudenten.

Ein spansk ein
Før Sandgren reiste fekk han beskjed om at alt pensum var på engelsk.
– Eg fekk sjokk då eg kom ned og såg at alt pensum var på spansk. Eg kunne ikkje spansk! seier han.

Valet stod då mellom å reise heim, noko svært få veljar å gjere, eller å lære seg spansk.
– Eg starta på ei nybegynnarkurs i spansk. I mange av faga var eg den einaste som ikkje var spanjol, og då måtte eg bruke språket, seier Sandgren.

Forutan om å lære seg språket blei idrettsstudenten kjent med den spanske kulturen.
– Den er heilt annleis enn vår kultur. Mykje meir sosialt med kafébesøk, tradisjon for å gå ut å ete og være på bar, seier han.

utveksling - spania (1)

Nye vener
Det å reise frå trygge omgivnader til ein ny og ukjent stad kan vere skummelt, men Stavangerguten kan forsikre om at du blir kjent med andre.
– I starten hadde me ein «bli kjent dag» kor utvekslingsstudentane fekk helse på dei spanske, me utveksla telefonnummer og laga avtalar om å treffast. Litt som å bli kjent i fadderveka, seier han.

Etter bli-kjent dagen var det fullt kjør med førelesningar
– Det var ein travel kvardag med skule frå kring 08:00 – 14:00. Etterpå var det spanskkurs to kveldar i veka og eigentrening, seier han.

Idrettsstudenten fekk likevel tid til å delta i det sosiale.
– Det blei ein del festar og turar til stranda som låg rett ved byen. Mange av dei eg blei kjent med har eg framleis kontakt med, seier han.

Falt for Las Fallas-festival
Sandgren var i Spania frå slutten av august 2014 til juni 2015. Høgdepunktet under opphaldet var den årlege Fallas-festivalen frå 15. – 19.mars
– Då tok heile byen fri frå skole og jobb. Det er var musikk, dans og fest heile veka. Store paradar og skikkeleg feststemning! Dokkene som blir brukt i paraden blir avslutningsvis brent på eit stort bål, forteljar han.

Idrettsstudenten har no starta på sitt tredje år på Universitet i Stavanger og til våren skal han skrive bachelor. Kva som skjer etterpå er han usikker på.
– Det blir enten å ta ein master i idrett og bli lektor, eller studere vidare til å bli lege, seier han.

Ein ting er han likevel sikker på.
– Det er kjekt å kome heim, men eg saknar klimaet, levemåten og folka eg blei kjent med i Valencia seier han.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here