I morgontimane fredag delte Kolumbus ut gratis vatn og wraps til studentar som kom med buss.
Tekst og bilder: Kristin Frafjord.
Silje Elstad står å ventar på bussen til Sola i handa held ho ein wrap, utdelt av Kolumbus.
-Eg tek bussen kvar skuledag og syntes det er kjekt at dei gjer dette, seier ho.
Videosnutten av parkeringskaoset ved Universitetet i Stavanger er bakgrunnen for frukoststuntet.
– Me vil vise at det finnes eit alternativ til kaos, seier Live Kolstad Kvalsvik, informasjonsrådgjevar i Kolumbus.
Mange studentar veljar å ta bussen opp til UiS, og med avgangar frå Stavanger åtte gonger i timen burde det ikkje vere noko problem
-Eg trur at dei som vel bilen framfor buss gjer det av rein vane og komforten du får med å kjøre sjølv, seier Christian Sædberg, rådgjevar for sosiale medier i Kolumbus.
Kolumbus sine eigne undersøkingar viser at dei som tek bussen sjeldan eller aldri er minst nøgd med tilbodet.
– Me er nøgd med at dei som reiser ofte med oss også er dei som er mest fornøgd, seier Kolstad Kvalsvik.
Silje Elstad tek bussen tur – retur Sola kvar vekedag og tilhøyrar gruppa fornøgde brukarar.
-Det plar vere ganske fullt, men det er ikkje så langt å reise så det går bra, seier ho før ho stig inn i bussen.