PLING: Frå MSN til pupp og pikk på ti sekunder

0

Av Kristin Frafjord

Bruk av sosiale medier har eksplodert dei siste ti åra og nye medier har kome samstundes som andre har måtte leggje ned. Her ein dag byrja eg å tenkje tilbake på kva sosiale medier eg har brukt gjennom mitt 21 år lange liv.

Det første eg kjem på er MSN. Kor mange timar eg har brukt på å chatte på MSN kan ikkje la seg telja. Men, det er garantert mange! Noko av det eg hugsar best er «nudge» og alle teikna eg hadde i «nicknamet». Det aller kjekkaste var likevel å sitje hjå ei venninne som hadde berbar data med webkamera. Me satt å gjorde oss flotte og fine og snakka me gutar frå nord og sør. Det var tider!

Nettby. Gud, eg saknar nettby! VG si satsinga var verkeleg gull verd. Det var triste saker at nettby blei fråflytta. Tenk all den tida du brukte for å få profilen din flott og fin. Og spenninga når du hadde fått ein melding. Meldingane var ofte av den grove sorten. Men av og til dukka det opp hyggelege meldingar frå hyggelege personar på om lag same alder som deg sjølv.

Solchat. Ok, dette er nok ikkje det folk flest har brukt mest. Eg blei introdusert for dette chatte-programmet av tanta mi før eg var gamal nok til å vere på slike stader. Men, eg var ute etter spenning og det fekk eg her. På solchat kunne du delta i gruppesamtalar og ha private samtalar. Dei private var kjekkast. Utan tvil! Det var på denne chatte-staden er blei introdusert for bokstavsex og blei invitert til pysjamasfest for vaksne på eit hotell i Oslo.

Eit anna chatteprogram er hugsar er snadder.com. Her oppretta ein profil, lasta opp profilbilete å kunne kome i kontakt med andre. Dei fleste som tok kontakt var minst 14 år eldre og var som regel berre ute etter ein ting. Eg var eigentleg for ung og stygg til å vere på denne nettstaden. Eg klarte liksom aldri å ta eit skikkeleg fint profilbilete kor pupper, kløft og rumpe kom fram. Ikkje lett å ver 13 år!

MySpace var eg så vidt innom. Morten Gamst Pedersen som var mitt store idol og største kjærleik hadde profil her. Derfor oppretta eg og profil i håp om at me kunne bli vener og kjærestar. Det skjedde ikkje og eg gløymte av heile MySpace og fann ein annan kjærast.

Twitter. Tweet og retweet. Eg har aldri heilt forstått Twitter, men oppretta profil for å følgje Dag Otto Lauritzen under Tour de France i 2011. No i vår lærte eg at journalistar er flinke på Twitter og at dette er ein stad du bør følgje med. Dessverre har eg gløymt av heile Twitter, men tenkar å ta opp att bruken i september.

Facebook. Det er tingen. Facebook har våre kult heilt sidan det blei oppretta og spreidd til heile verda. Eg oppretta profil her i 2009 og har ikkje angra. Det er vel den første nettstaden kor sexinvitasjonar ikkje har våre det første folk kjem med. Endeleg ein plass kor du må ha ditt ekte namn. Facebook har halde stand heilt sidan det blei laga, men no har dei eldre byrja å danke ut yngre.

Dei yngre har nemleg dei siste åra nytta Snapchat. Eg har heve meg på trenden for lenge sidan og slengar ut snappar frå viktige og uviktige hendingar. I tillegg tilfredstillar Snapchat eit underhaldningsbehov: pupper, pikk, nyheiter og sporten, samt kvardagslege oppdateringar og selfies frå folk og dyr på ti sekund.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here