Dette må du ikkje gå glipp av!

0

I vår tok Tim Raaum Kristiansen over som dagleg leiar på Tappetårnet. No vil han gjere studentbaren større og betre. 

Teskt og foto: Kristin Frafjord

-Tappetårnet er ein plass som passar for alle studentar. Her kan ein samlas med kjende eller utvie vennekretsa si, med noko godt i glaset, seier Tim Raaum Kristiansen om Tappetårnet.

Det er fire år sidan studentar ved Universitetet i Stavanger starta opp «studentpuben» i Studentenes Hus. I dag er det Tappetårnet som står for mange av arrangement ved UiS.

– I tillegg har me fast åpningsdag på torsdagar og leigar ut lokalet til linjeforeiningar, seier  Kristiansen.

Tim Raaum Kristiansen

Tim Raaum Kristiansen er klar for å ta i mot fleire studentar og ser fram til full bar.

Viktig samleplass 

Tappetårnet er ein viktig samleplass for fleire studentar. I fjor blei det blant anna arrangert Supertorsdagar.

– Det var eit nytt konsept me hadde første torsdag etter stipendutbetalinga, som ein lønningspils. Me la litt ekstra i det med live-musikk og fekk eit bra oppmøte, seier han.

Tappetårnet har og arrangert Stand-Up og semesterstart- og sluttfestar. Talet på studentar har økt og i haust vil Kristiansen utvida kapasiteten.

– Det blir fort fullt. No har me plass til 367 personar, sist me hadde ein av dei store åpningsdagane satt det 250 personar i lokalet før åpningstida. Det er trist og måtte nekte folk inngang allereie 30 minutt etter opning, seier han.

I år håper Kristiansen at alle får plass på Tappetårnet.

– Første opningsdag dette semesteret er 27.august. Då har me søkt om å få bruke asfaltplassen på utsida her for å få plass til flest mogleg.

Ikkje drikkepress

Kristiansen meiner Tappetårnet passar for alle, også dei som ikkje drikk.

– Det er eit avslappa miljø her. Me spelar låg musikk slik at det blir lett å snakke med sidemannen og å bli inkludert. Me har óg alkoholfrie drikketilbod, seier han.

Kristiansen går nå inn i sitt tredje år på økonomi og administrasjon ved universitetet.  Hans beste tips til nye studentar er å kome seg ut.

– Opplev studentmiljøet allereie første veka. Tusenvis av nye studentar begynner samtidig og alle ynskjer å få ein ny venekrets. Bruk denne moglegheita til å få eit rikt sosialt liv resten av studietida.

Dei tri store

Som ny student kan det vere vanskeleg å vite kva som må prioriterast. Kvar torsdag er det studenttorsdag og då slepp alle studentar gratis inn så lenge det er plass. Dei store arrangementa kostar pengar og om stipendet ikkje rekk til alt har Kristiansen trekt fram tre arrangement du bør prioritera

– Oktoberfesten 19. September, Husfesten i slutten av februar og sommarfesten siste eksamensdag før ferien er arrangement du må få med deg.

Oktoberfesten har blitt ein tradisjon ved Universitetet i Stavanger med øl og kostyme i god, tysk tradisjon. I år håpar Tappetårnet å få festen enda betre.

– Me satsar stort på Oktoberfesten og samarbeidar med andre for å få til ein fin fest. I fjor blei dei 1500 billetane som blei lagt ut selt på 4 timar. I år vil me ha fullt orkester som spelar tradisjonell oktoberfestmusikk første  del av kvelden og eg håpar nye og gamle studentar er like gira i år, seier Kristiansen.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.