Stavangerstudentar sitt krav til Stortinget

0

Stortingspolitikar Sveinung Rotevatn(V) mottok torsdag ei liste over StOr sitt krav til Stortingspolitikarane det neste året.

Tekst og foto: Kristin Frafjord

Anine_SveinungStOr-leder Anine Klepp sender med listen til Venstres Sveinung Rotevatn.


Studentorganisasjonen i Stavanger (StOr) hadde møte med Venstre der blant anna Sveinung Rotevatn og Iselin Nybø frå Stortinget var på besøk. StOr la fram årets prioriteringar både på nasjonalt, lokalt og regionalt nivå. Venstres Rotevatn fikk med seg lista då dei dro frå Universitetet i Stavanger (UiS) torsdag.

– Eg vil at alle parti på Stortinget skal ha denne lista, seier leiar i StOr, Anine Klepp.

På lista står åtte punkt. Eit av dei er praksis i utdanning.

– Studentane må få sjå kva dei møter etter utdanninga. I UiS sin handlingsplan (2012-2014) for RSA har fleire av måla blitt nådd, men no er det viktig dei satsar på praksis i utdanninga, seier ho.

Andre krav studentane stillar er betre finansiering av nye universitet, fleire studentbustader og 11 månaders studiestøtte. Studentkravet deira inneber at det skal byggast 3000 studentbustader i året der pressområder er prioritert. Klepp fortel at dei ønsker elleve månader studiestøtte, og at dei ønsker å auke studielånet.

– Me vil realisere heiltidsstudenten. No må dei fleste ha ein jobb ved sida av studiet, derfor vil me auka studiestøtta 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda, seier Klepp.

Større bruk av varierte undervisningsmetodar og digitalisering av studiekvardagen står og på lista. Klepp fortel at StOr ønsker at fasilitetane rundt også skal speile variasjonen.

– I dag nyttar dei fleste seg av ein monolog der førelesaren snakkar. Me vil ha ei meir studentaktiv læring, seier Klepp.

På prioriteringslista står og at dei vil få ein større del studentar til å reise på utveksling og at gratisprinsippet skal gjelde for alle.

Etter møtet fortel Klepp at ho oppfatta møtet som konstruktivt.

Rotevatn om lista
SmiS har kome i kontakt med Rotevatn etter møtet, og har stilt han fem spørsmål om lista.

1. Kva vil du gjere for å imøtekomme studentane sine krav om praksis i utdanniga?

Å ha meir praksis i utdanninga er svært viktig, og noko studentane etterlyser mange stadar i  landet. Dette er jo først og fremst noko som den enkelte institusjon må legge til rette for, men dersom vi kan gjere noko positivt nasjonalt også er eg open for å sjå på det.

2. Korleis vil dykk betre finansieringa av nye universitet? Kor mykje vil dykk auke grunnbevilgninga med?

Noko av det viktige vi gjekk til val på i 2013 var å styrke finansiering i universitets- og høgskulesektoren. Det har vi levert på, og basisløyvingane har blitt styrka, i tillegg til forskingsløyvingane og studentvelferden. Vi  har ein klar ambisjon om å halde fram med å auke basisløyvingane i komande budsjett. Eg anerkjenner at det er ei skeivfordeling mellom institusjonane i dag, og det må vi finne ei løysing på. Men det må vere ei løysing som har legitimitet på tvers av heile sektoren.

3. Kva vil dykk gjere for å gje alle tilgang til digital eksamen?

Dette må nesten universiteta styre sjølve. Men eg hugsar sjølv at eg gjekk til val på digital eksamen då eg var studentpolitikar, og det byrjar å bli ganske mange år sidan. Det er frustrerande at dette går så sakte, men heldigvis er det stadig fleire som får avlegge digital eksamen – både på UiS og andre stadar. Her vil eg oppmode lærestadane til å setje inn eit par ekstra gir for å kome i mål snarast råd.

4. Korleis vil dykk jobbe for å forhindre fråfall av studentar? 

Gjennom å styrke studiekvaliteten, betre studiefinansieringa, byggje fleire studentbustadar og sørgje for at det er nok ressursar i sektoren til at det er mogleg å følgje opp kvar enkelt student på ein ordentleg måte.

5. Kva vil dykk gjøre for å etterfølga krava frå StOr? Og passe på at UiS etterfølgjar dei same krava?

Når det gjeld oppfølgjinga overfor UiS, vil eg oppmode studentane til å engasjere seg i studentpolitikken eg stemme på kandidatar som ein har trua på. På Stortinget vil vi følgje opp kravar StOr har kome med, og vi er stort sett einige i dei fleste krava. Kampen står i statsbudsjettet til hausten!

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here