Pluss på CV’en i sommarferien

0

Dei fleste studentar ser fram til late dagar og sommarferie til langt ut i august. Kristine Labay Haastrup og Annie Bolano er blant unntaka – dei vil studere i sommarferien. 

Tekst og Foto Kristin Frafjord

– Dette er meir interessant enn ferie, seier Kristine Labay Haastrup.
I sommarferien skal ho og medstudent Annie Bolano vere studentar i Nederland ved University of Twente. Til dagleg studerar dei begge til bachelor i kjemi og miljø ved Universitetet i Stavanger (UiS).
–      Det kjem til å bli spanande, me vil lære noko som ikkje alle andre kan, seier Haastrup.

Lærevillege
Frå 11.august blir dei studentar i Nederland. Ingen av dei to har vore med på noko liknande tidlegare, og veit ikkje heilt kva dei kan vente seg.
–      Eg forventar at eg lærar noko nytt og håpar på å ha det kjekt heile veka, seier Bolano.
Universitetet i Twente tilbyr ulike kurs for sommarskulestudentane. Desse kursa kan ikkje tas ved UiS, så difor reiser dei to ut.
–      Eg skal lære om noko som heiter «Clean Water». Der eg kjem frå er tilgang på reint vatn eit problem. Eg vil lære korleis me kan betre tilgangen på reint vatn og vil bruke det i bacheloren og masteren min, der eg skal skrive om vassteknologi, seier Bolano.
Medstudent Haastrup skal fordjupe seg i «Hands-on physics».
–      Eg skal mellom anna lære om lyd, kvifor lydar kjem på bestemte tidspunkt og varar i ei bestemt lengde, seier ho.
Begge to er klare for å lære.
–      Det er eit viktig tilbod, men du må vere lærevilleg. Eg trur ikkje sommarskule er for alle studentar, seier Haastrup.

Kristine Labay Haastrup_KFrafjord 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kristine Labay Haastrup har sommerplanene klare


Eit pluss på CVen
Sommarskule er eit særs bra supplement til eit ordinært studieløp for å skaffe seg eit «unique selling point» på CV’en, seier Hege Rosså ved internasjonalt kontor på UiS.
Kristine Labay Haastrup håpar ekstra lærdom i ferien skal skilje ho frå andre jobbsøkarar.
–      Eg vil arbeide i oljeindustrien og der er det nedgangstider. Det kan snu, men eg håpar arbeidsgivaren ser at eg har gjort noko som ikkje alle andre har og at eg er lysten på utfordringar, seier ho.
Sjølv om dei to studentane skal reise ut, er det ikkje så mange av studentane ved UiS som gjer det samme.
–      Me informerar om det, men det er få som vel å reise på sommarskule, seier Rosså.
Ho er likevel klar på at det er fleire fordelar ved tilbodet.
–      Du får eit personleg utbyte og det er eit alternativ for dei studentane som ikkje kan reise på utveksling. Du kan ta fag som gir studiepoeng og som bidreg til å styrke kompetansen på fagområdet, eller du kan ta fag berre for å lære noko nytt, seier Rosså.

Nye impulsar
Dei to studentane reiser ikkje berre for å få fagleg input.
–      Me kjem til å møte nye studentar frå andre land og universitet, og få nye venner, seier dei to.
Haastrup gler seg og til å møte nye menneske og ein heilt ny kultur.
–      Eg har lett for å bli kjent med nye menneske, elskar å treffe nye folk og oppleve andre kulturar, seier ho.
Under opphaldet i Nederland får dei begge gratis kost og losji.
–      Me bur i studentbustader og får gratis mat, reisa tur/retur må me betale sjølv, men det blei ikkje så mykje, seier Haastrup.

Deilig å vere norsk i Danmark
Sjølv om dei ivrige studentane skal bruke litt av ferien på studiar, blir det likevel tid til skikkeleg ferie også.
–      Eg likar å reise og skal blant anna til Danmark med mannen min, seier Haastrup.
Bolano tek også turen over Skagerak.
–      Etter eksamen skal eg jobbe i Danmark før eg reiser på backpacking til Polen og Praha, seier ho.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here