Kronprinsen tok sløret av «Mjølnir»

0

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tekst og foto: Kristin Frafjord

Onsdag kveld fekk eit fullsatt auditorium sjå ION Racing sin nye stoltheit.

Studentforeininga ION Racing har jobba nærare 50.000 timar for å få racerbilen klar til avdukinga, og det var ikkje kven som helst som fekk dra av teppet. «Mjølnir» blei avslørt av H.K.H Kronprins Håkon.

– Dagen i dag er det beste minnet frå heile prosjektet, seier teamleiar Erik Vassøy Olsen.

Han har leia dei 65 andre studentane i ION Racing sitt team. Saman har dei jobba natt og dag for å få bilen ferdig.

– Siste bolt blei satt i 1 time før avdukinga. Eg har ikkje sove dei siste 48 timane, seier Vassøy Olsen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mange kjem bort for å gratulere 23-åringen og teamet med, det dei sjølv meiner, er den beste bilen som har blitt laga.  Elektrisk motor, 0-100 km/t på 3 sekund og 114 hestekreftar.

– Eg er mest nøgd med utsjånaden på bilen, dei skal slite med å slå oss neste år, seier teamleiaren.

9. juli går ferda vidare for «Mjølnir». Då skal ION Racing konkurrera mot andre racerbilar i England.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here