Idretten i fokus

0
Håkon Dalland, Fredrik Stenbro og Mikael Johnson stod onsdag på stand i Arne Rettedals hus for å få idrettslag og studenter til å melde seg på Studentlekene.

18.-22. februar går Studentleikane 2015 av stabelen i Trondheim, og då samlast studentar frå heile Noreg for å konkurrere seg i mellom innanfor ulike idrettar.

Håkon Dalland, Fredrik Stenbro og Mikael Johnson stod onsdag på stand i Arne Rettedals hus for å få idrettslag og studenter til å melde seg  på Studentlekene.
Håkon Dalland, Fredrik Stenbro og Mikael Johnson stod onsdag på stand i Arne Rettedals hus for å få idrettslag og studenter til å melde seg på Studentlekene.

Av: Kristin Frafjord (tekst og foto).

Håkon Dalland, roadshow representant i Stavanger, var i går på plass på UiS for å få studentar til å melde seg på leikane.

– Me vil få tak i studentar som vil vere med, og me prøver å fange eit brett spekter. Til no har me rundt 1000 påmelde, men me håpar på over 2000 og har eit ønske om å slå den gamle rekorden på 2300, seier Dalland.

Søknadsfristen går ut 28. januar for lagidrettar og 4. februar for individuelle idrettar. Under Bergen Challenge i fjor tok UiSi sølv i innebandy og amerikansk fotball. Til no er 11 lag påmelde frå Stavanger, og Anine Klepp stillar individuelt i tennis. Fleire er framleis velkomne.


Stort arrangement

– I fjor var me 90 studentar som reiste og deltok i Bergen, i år håper eg me klarar 100, seier Mikael Johnsen, nestleiar i UiSi.

Arrangementet i Trondheim tek til med akkreditering på onsdag, gruppespill og opningsseremoni på torsdag. Fredag fortset gruppespillet for lagidrett og på laurdag er det finalar og bankett. Det vil i tillegg vere ulike kulturarrangement.

– Studentleikane er ein fin måte å bli kjent med andre studentar utan alkohol. Her er det fokus på idrett i staden for festing, seier Håkon Dalland.

 

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.