3 supertips

0

Tysdag besøkte Olav Schewe, forfattar av boka «Superstudent», UiS for å dele tips og råd til studentar.

Foredrag Superstudent

Av Kristin Frafjord (tekst og foto).

Frå veke 7 til 10 er det konteeksamen. Mange gruar seg, men med hjelp av studieteknikkar kan du gå opp 1-2 karakterar.
– 75% av all læring skjer gjennom interesse og studieteknikk. Deltakande læring er meir lærerikt enn passiv. Du lærar meir av å lese, gjenfortelje og diskutere enn berre å lese, seier Olav Schewe.

Notatteknikken «OSLO»
Mange slit med notatteknikk. Schewe sitt råd er å velje ut det viktigaste.
– Vel ut det viktigaste og skriv med eigne ord. Nøkkelord til venstre på arket og forklaring til høgre kan vere lurt, seier han.

Pensum kan virke uoverkommeleg, forfattaren oppfordrar til å nytte «Oslo»-teknikken.
– Få oversikt over kva du skal lese, lag spørsmål, les gjennom sidene og lag di eiga oppsummering med eigne ord. Få med det viktigaste, seier han.
Og legg til:
– Eit råd frå kunnskapsministeren er å få alt inn på ei A4-side.

Prestasjonsteknikkar
Eksamen er for mange den viktigaste staden å prestere. Korleis presterar ein bra på eksamen?
– Planlegg korleis du vil svare på oppgåva. Nytt deg av «Task». Lag ein tidsplan, les igjennom oppgåvene og avklar kva dei går ut på, skriv så godt du kan og kontroller svara. Start med dei lettaste oppgåvene, då får du ei meistringsfølelse, seier han.

Olav Schewe har lest meir og kan meir om studieteknikk enn dei fleste. Her er hans 3 beste tips:
– Mitt første tips er å finne nokon å studere saman med. Det gir motivasjon og ein diskusjonspartnar, seier han.

Lære bort
Psykologar har funne ut at berre 5 prosent av læringa skjer via førelesningar, ved å lære bort er talet 90 prosent.
– Tips nummer to er å førebu seg til førelesningar. Slit du med å forstå får du lite utbytte. Sjå gjennom presentasjonar før førelesningane. Litt førebuing er betre enn inga, seier Schewe.

Til slutt:
– Mitt siste råd er å bruke «Task» på eksamen og svare på alle oppgåvene. Få fram kva du kan og ikkje la noko stå tomt, seier Schewe.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here