På djupt vatn

0

UiS Subsea vil hevde seg på toppen av botn.


UiS Subsea
JUSTERAR: Petter Ødegaard og Stian Sandve justerar balast på ROV-en i bassenget. Foto: UiS Subsea.

 

Av: Kristin Frafjord (tekst).

 

– Eg får stadig telefonar frå bedriftar som ynskjer å kome i kontakt med oss eller ha oss med på ting, seier Dan Åge Hoem, marknadssjef hos UiS Subsea.

UiS Subsea arbeider med å utvikle robotar som kan nyttast under vatn, òg for å vinne konkurransar.

Hoem går økonomi og administrasjon, og trør til for å hjelpa UiS Subsea med pågang frå bedriftar og den nærmast eksplosive veksten av interesserte til ROV-prosjektet deira, som blei satt i gong hausten 2014. Med stillinga som marknadssjef opplever han at marknad for å drive med ROV, AUV og subsea – det er det verkeleg. ROV er kort for Remotely Operated Vehicles og AUV for Autonomous Underwater Vehicles.

UiS Subsea starta som ein studentorganisasjon for ingeniørstudentar innanfor elektro, maskin, data og petroleum.

– Me trong litt hjelp slik at me som er ingeniørar kan holde på med det me kan best, seier Sigurd Karolius Holand, forskingssjef i UiS Subsea.

 

Beste roboten

Det blir mykje jobbing med det dei kan best, og konkurransane blir nytta som målsetting for all jobbinga. I sommar deltok dei, som fyrste norske i MATE ROV Competiton i USA. Av tretti deltakarar enda dei på ein 14 plass.

– Me var med på sjå og lær, og til sommaren går me for seier, seier ein offensiv leiar, Håkon Kjerkreit.

I 2015 håpar UiS Subsea å få delta i tre konkurransar: MATE ROV Competition i Canada og to AUV-konkurransar i Italia og San Diego.

– Me håpar å få nok støtte til å kunne reise på alle, og me har ambisjonar om å hevde oss, seier marknadssjef Hoem.

 

Mykje arbeid

I AUV konkurransen går dei for plassering bland dei topp tre.

– Det blir første gong me deltek, og då er topp tre ein bra nok ambisjon, seier marknadssjefen.

Dei engasjerte studentane legg mykje arbeid ned i prosjekta sine. Å utvikle robotar er ikkje gjort på eit par veker.

– Me reknar ikkje på kor mange timar me brukar, me ser heller på kva erfaring me får, seier Holand.

Erfaringa dei får er gull verd når dei skal ut i arbeid.

– Har du bachelor eller master, og i tillegg arbeidserfaring, stiller du sterkt på arbeidsmarknaden, seier leiar Kjerkreit.

 

Visjon

UiS Subsea har ein visjon om ROV- og AUV-prosjekta.

– Målet vårt er at ROV skal bli ein del av bachelorprogrammet og AUV-en ein del av masterprogrammet. Då får næringslivet godt utdanna ingeniørar med både det praktiske og teoretiske, seier marknadssjefen.

Fjorårets ROV-prosjekt har til no resultert i 16 bacheloroppgåver, og AUV-prosjektet vil gje ti masteroppgåver.

– Prosjekta er gratis arbeidserfaring som det er bra å ha med seg, og framtidige arbeidsgjevarar har allereie vist interesse for studentar som har vore med i UiS Subsea, fortel Hoem.

 

Eiga forskingsgruppe

Studentorganisasjonen har også byrja å satse på forsking.

– Me har ei eiga forskingsgruppe som skal forske seg fram til det beste. Me vil gjerne gå nye vegar og samarbeidar med sponsorane våre om å utvikla prosjekta, seier Holand.

Oljeindustrien går nedover, men undervassteknologien er det likevel brukt for.

– Subseateknologi er på veg oppover, det trengs alltid nye maskinar og robotar for ulike oppgåver, seier Håkon Kjerkreit.

AUV teknologien er framleis lite utprøvd og er under utvikling.

– Me vil vere innovative og satsar saman med næringslivet, seier Hoem.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here