Har du den tøffaste barten?

0

Sjukepleiar-studentar utfordrar resten av UiS til bartekonkurranse i Movember.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Barteengasjement: Rudi Francis Walker håpar at så mange som mogleg vil støtte Movember.

 

Tekst og foto: Kristin Frafjord

Rudi Francis Walker og Vetle Hetland går 2.året på sjukepleien. Dei er opptekne av helse og vil gjere studentar bevisst og engasjert i movemberaksjonen.

– Movember er viktig for å sette fokus på menn si helse. Movember har redda mange liv med bevisstgjering og pengeinnsamling. Å gro ein bart viser at du støttar prosjektet, seier Walker.

Movemberaksjonen starta i Australia i 2004 og har sidan spreidd seg til å bli ein global aksjon. No lar menn over heile verda barten gro i november.

– Det har blitt ein stor kampanje og alle pengane går til kreftsaken, seier Walker. Rudi Francis Walker og Vetle Hetland deltek for fyrste gong med både bart og lag. Gutane på 2.året sjukepleiar har meld på eitt lag og håpar på konkurranse frå andre linjer, foreiningar, gjenger og klassar.
– Jo fleire lag, dess meir blir samla inn og jo fleire pengar får movember, seier han.

Walker sit i styret til Norsk Sjukepleiar Forbund (NSH) si studentforeining. NSH har lova premie til den beste barten og det laget som samlar inn mest.

– Det finns mange tøffe bartar og mange måtar å samle inn pengar på. Me håpar så mange som mogleg stiller opp.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here