Gratulerer med dagen, UiS

0

Onsdag 29. oktober blei UiS sin 10 årsdag feira i Tjodhallen med heidring av nye doktorar, prisutdeling og musikk.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERAKake til alle: Ingen bursdag utan kake, og det var meir enn nok til alle.

Av: Kristin Frafjord (tekst&foto)

Det var ikkje smekkfullt i Tjodhallen då UiS feira sin 10årsdag, men det mangla ikkje på gratulasjonar og heider. Institutt for musikk og dans stilte med musikk og bursdagssong. Rektor Marit Boyesen, StOr-leiar Amund Thomassen og Finn Kjærsdam gratulerte UiS med dagen frå scena.

– No er me snart tenåringar og har starta datinga, sa Amund Thomassen i sin tale til lett humring frå salen.


Æresdoktor og andre doktorar

For første gong på fem år blei ein æresdoktor utnemnt ved UiS. Finn Kjærsdam fekk tittelen for si mangeårige støtte til universitetet. Kjærsdam er professor emeritus og har tidlegare våre rektor ved universitetet i Aalborg. I tillegg blei 29 andre doktorar heidra for si innsats. Ein av dei var Hossein Ali Akhlaghi Amiri frå Iran, som fekk doktorgrad i petroleumsteknologi.

– Eg skal fortsette å studere her til ein post doc, før eg flyttar heim med kone og barn for å jobbe, seier han.


Fortent feiring

Universitetet i Stavanger har ein viktig plass i regionen. Universitetsdirektør John Møst syntes feiringa er vel fortent.

– No har me overlevd i 10 år og hatt ei jamn og god utvikling. Me har blitt dobbelt så store, no er det på sin plass med feiring, sa han og tok ein bit av eit kakestykke.

Feiringa av 10-åringen fortsatt utover heile dagen, og blei avslutta på kvelden med middag for 750 stykk på Tjensvoll.

OLYMPUS DIGITAL CAMERAHeidras: Dei 29 nye doktorane som blei heidra av universitetet.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.