Vil ha betre sykkelparkering

0

Interessegruppa «Els Angels» vil ha betre sykkelparkering og tilrettelegging for syklistar på UiS.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

IKKJE NØGD: «Els Angels» er ikkje nøgd med sykkelparkeringa utanfor Arne Rettedals hus.

Tekst og foto: Kristin Frafjord.

Universitetet i Stavanger (UiS) er blant dei beste i landet på bilparkering. No vil interessegruppa «Els Angels» at UiS også skal bli best på sykkel.

– Me har store, flotte parkeringsplassar for bilar. Sykkel, som er det lettaste og billigaste framkomstmiddelet har derimot ikkje dei same parkeringsforholda, seier Torfinn Ingeborgrud.

Saman med Erlend Kristensen, Even Heien, Stig Selmer Andersen og fleire har dei teke initiativ til å starte gruppa «Els Angels». Gruppa vil ha betra forhold for syklistar, både tilsette og studentar.

– Me er svært opptekne av å betre sykkelparkeringa og tilrettelegging for sykkel. Me ynskjer og fleire el-syklistar velkomne, seier Erlend Kristiansen.

Sykkeltjuveri
Dei noverande sykkelparkeringane er standarparkeringar, nokon med eit lite tak over. Kristiansen meiner det langt ifrå er nok.

– Desse taka dekker langt i frå heile sykkelen, seier han.
Torfinn Ingeborgrud er einig og trekker fram plasseringa av sykkelparkeringa utanfor kantina ved Arne Rettedalshus.

– Den er nærast tilrettelagt for tjuveri. Den er ikkje oversikteleg og ligg gøymt, seier han.
Gruppa trur fleire studentar vel vekk sykkelen fordi dei er redd for tjuveri. Dei seier at fleire av dei tilsette ikkje vågar å la sykkelen stå utanfor.

– Me tek alltid med oss syklane inn i bygget og låser dei utanfor kontoret eller i kjellaren. Eg tør ikkje å sette sykkelen utanfor, seier Ingeborgrud.
Even Heier trur ei betre og tryggare sykkelparkering vil føre til at fleire nyttar sykkelen.

– Då slepp dei å bekymra seg for steling og veit at sykkelen står trygt, seier han.

Vil ha nøkkelkort og heilbygg
Erlend Kristiansen ynskjer seg eit likt sykkelparkerinstilbod som det Ipark kan skilte med.

– Ipark har eit heilbygg i glas kor du må ha nøkkelkort for å komme inn. Dette gjer at faren for tjuveri og hærverk er svært låg, seier han.
Andre gevinstar med eit heilbygg er mindre slitasje. Ipark kan óg skilte med vask og moglegheit for å fylle luft i dekka på sykkelen.

– Ipark har fått det skikkeleg til, seier Kristiansen.
Nyare og betre sykkelparkeringar og tilrettelegging av dusj og garderobe står på universitetet si prioriteringsliste. Gruppa har sendt inn teikningar, idear og planar for moglege nye sykkelparkeringar. Hittil er ingenting avgjort, men det står på UiS sin plan for HMS å leggja betre til rette for syklistar ved universitetet.

– Me har kome med innspel, men det handlar om pengar og prioriteringar, seier dei tre.
«Els Angels» meiner universitetet var lite framtidsretta då alle parkeringsplassane blei bygga.

– Dei burde sitt at ikkje alle kunne køyra hit, og skjøna at mange av dei som studerer her bur rett ved eller nærme UiS, seier dei.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here