Bubilstudenten

0

BI-student May Lene Torsen (22) blei lei av å bu heime. Bustadene og prisane i Stavanger freista ikkje. Løysinga blei ein bustad på fire hjul, opplevingar og noko utanom ‹‹normalen››. Det har skapa merksemd. 

Tekst: Kristin Frafjord 
Foto: Aud Marlén Tjåland

Bobilstudent2

Bustadmarknaden i Stavanger er ikkje lett å kome inn på. Høge prisar og for få studentbustader gjer det vanskeleg for unge studentar å få ein bustad i byen. Har du ein hund i tillegg blir det fort vanskelegare. Dette fekk May Lene Torsen erfara då ho bestemte seg for å flytte heimefrå.

– Det var dyrt og eg fann ingenting eg ville ha til den prisen eg kunne gje, seier Torsen.

I desember i fjor tok ho derfor valet og kjøpte seg ein rullande bustad til ein fjerdedel av prisen på ein vanleg bustad.

– I byrjinga var det berre tøys å tull, men plutseleg stod eg der med bubilen, seier 22-åringen frå Kverneland.

 

Ingen utfordringar

Fleire var skeptisk til valet hennar, men Kvernelandsjenta har vist at det fungerar. Her fins det ikkje utfordringar, men moglegheiter, meiner ho.

– Eg vel å sjå på alt som moglegheiter og ikkje utfordringar, alt blir lettare då, seier Torsen.

Hunden hennar har heller ikkje klaga. Sjølv om bilen ikkje er meir enn sju meter lang har dei begge nok plass.

– Me er mykje ute og hunden får nok plass og frisk luft, seier Torsen.

Av vener blir ho kall litt smågal. Det å leve i ein bubil kan for mange bli ei svær utfordring.

– I starten visste eg knapt korleis gasskomfyren fungerte, og eg hadde eit blondt augneblikk på ein bensinstasjon då eg fylte bensin i staden for diesel, seier ho.

Til no har ho likevel ikkje angra på valet. Sjølv ikkje i vinter, då temperaturen var på sitt lågaste, og snø og snøstorm prega Jæren.

– Vinteren gjekk bra. Bilen er godt isolert, så eg fraus ikkje, fortel Torsen.

Utover våren og sommaren ga bubilen mange moglegheiter.

– Eg likar å reise og samlar på opplevingar. I sommar reiste eg til Lysebotn og Sverige, men det hadde vore kjekt med ein lengre tur også, seier Torsen.

 

Ikkje for alle

Ho har sjølv berre positive erfaringar med livet på fire hjul. Vorspielplass og soveplass midt i Stavanger er fordelane. Likevel vil ho ikkje anbefale eit kvardagsleg campingliv til alle.

– Du må ha lyst til å leve slik, og samstundes like friluftsliv og måten campinglivet fungerar på, seier ho.

Friluft blir det mykje av. For augneblikket prøver Torsen og hunden hennar å nyte siste rest av sommaren.

No har eg betalt for ein månad på Bore Camping, slik får eg forlenga sommaren litt. Kvar eg skal plassere bubilen etterpå er uvisst, men det vil nok bli nærare Stavanger og BI, seier Torsen.

Til våren er ho ferdig med bacheloren sin, og til no har ikkje campinglivet hindra ho i studiet.

– Eg har aldri slitt med skulen, det har verken gått betre eller verre med karakterane, seier Torsen.

Kva ho skal gjere etter studietida og kor lenge ho blir buande i bilen er enda uvisst.

– Eg har ingen plan vidare og tek det meste på strak arm, seier ho.

 

‹‹15 minutes of fame››

Sidan det blei kjent at May Lene Torsen budde i ein bubil har media frå heile Noreg vist si interesse. Då SmiS var på besøk måtte me dela studenten med ein journalist frå VGTV. TV2 har meldt si interesse og lokalavisa Jærbladet har vore på besøk.

– Det blir mine ‹‹15 minutes of fame››. Sjølv hadde eg aldri sett for meg at det skulle bli så stor merksemd rundt dette, seier ho.

Kvernelandsjenta tek ‹‹kjendisstatusen›› med stor ro. Likevel vil ho ikkje røpe kva det sprøaste som har skjedd i bilen er.

– Nei, det blir for sprøtt!, er svaret frå Torsen.

– Kven ville du aller helst hatt på besøk her i bubilen då?

– Lars Monsen, han er ein kul fyr og glad i friluft. Han har óg mange interessante meiningar.

– Ville han fått lov til å overnatte? 

– Nei, kjem det kontant frå ‹‹bubilstudenten›› May Lene Torsen.