Ein by på ‹‹Skeivå››

0

Frå 2. – 7.september vil Stavanger bli satt på ‹‹skeivå››. Landsforbundet for Lesbiske og Homofile i Rogaland (LLH Rogaland) inviterar til festivalen «Stavanger på Skeivå». Festivalen har som mål å bryte ned fordommar.

Tekst og foto: Kristin Frafjord

skeivHar kontroll: Magnus Nordbø gler seg til festival, sjølv om det kan bli litt stress i blandt.

‹‹Stavanger på Skeivå›› blir i år arrangert for sekstande gong. Festivalleiar Magnus Nordbø gler seg, men understrekar viktigheita av ei slik markering.
Målet med årets festival er å bryte ned fordommar og skape eit meir ope forhold mellom homofile og heterofile, forklarar Nordbø.
Sjølv om homofile i dag har dei same rettane som heterofile, meiner Nordbø synleggjering og normalisering er viktig.
For 42 år sidan var det ulovleg å vere homofil. Det er ikkje lenger nokon kamp som må kjempast, men likevel er det ting som kan bli betre og me må vise at me er her, seier Nordbø.
Festivalleiaren opplev at dei fleste homofile i Stavanger har det greitt, men veit at nokon slit – enten på grunn av det sosiale miljøet, trusretning eller av andre grunnar. Under festivalen vil dei derfor ha eit fokus på dei unge og usikre.

Alkohol utanfor sentrum
I løpet av festivalen vil det bli arrangert ein rekkje alkoholfrie arrangement for ungdommar. Det vil bli workshop med Helseutvalet om sjekking, ungdomskonferanse med elevrådsrepresentantar og alkoholfri ungdomsfest for LHBT – ungdom opp til 26 år.
– Me vil ikkje at dette skal bli eit arrangement fullt av alkohol, me vil laga til ein plass kor ungdom kan opphalde seg å ha det kjekt edru, forklarar Nordbø.
På fredagen vil Metropolis halde ope for ungdom og studentar opp til 26 år. Stavanger Kommune har gitt pengestøtte og DJ Phil står saman med komikar Fredrik Brimsø for underhaldninga.
På laurdagen vil Byparken bli prega av gay-pride, og då er det ope arrangement for alle.
– Sentrum vil bli skeivt, me vil ha stands og underhaldning i Byparken ved Breiavatnet. Me håpar på stort oppmøte både av unge og gamle, seier festivalleiaren.

Prominente gjestar
Til opninga av festivalen kjem både ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, domprost Anne Lise Ådnøy og ordførarane i Sola og Randaberg, Ole Ueland og Bjørn Kahrs. Under opninga vil tidlegare TV2 -kjendis Sturla Berg Johansen vere konferansier.
Å få med Sturla Berg Johansen er heilt fantastisk. Han stiller opp tilnærma gratis, seier ein nøgd Magnus Nordbø om mannen som for nokre år sidan stod fram som homofil.
At kjendisar står fram meiner han er viktig for homosaka, og i anledning festivalen vil det bli delt ut ein pris under opninga.
– ‹‹Homofryd-prisen›› vil bli delt ut av leiaren for LLH Rogaland, Bård Nylund. Det er ingen homokamp lenger, men me treng folk som går føre og jobbar, fortel Nordbø.

Synleggjering
Det skjer mykje i Stavanger for tida, og Nordbø medgir at festivalen må konkurrere med andre arrangement og festivalar, men han håpar likevel folk i Stavanger vil leggje merke til arrangementet.
– Me håpar jo at folk stoppar opp under arrangementet i Byparken på laurdagen. Regnbueflagga vil bli heist opp på torget og vil gje gay-pride til heile Stavanger. Me vil synleggjere oss greitt på den måten, seier festivalleiaren og smiler.
Han innrømmer at Stavanger på Skeivå ikkje kan konkurrera med Gay-pride arrangementet i Oslo, men han håpar folk ser nytte av arrangementet.
– Me er ikkje nok folk til paradar, men det fins endå personar som slit og det er viktig å vise at ingen er åleine, fortel Nordbø.

«Nåttå på Skeivå»
Festivalen skal ikkje berre markerast for dei unge og utan alkohol. Natt til søndag arrangerast det som av Nordbø blir kalla ‹‹den store festen››
– Natt til søndag er det «Skeivå Nåttå» i Sjøhusa i Stavanger. Her satsar me på eit oppmøte kring 400-500 og topp stemning, seiar festivalleiaren.
Nordbø ser gjerne at studentar møter opp under Stavanger på Skeivå både på ‹‹nåttå›› og elles.
– Til no har me møter for ungdommar opp til 26 år, men det hadde våre kjekt å fått til noko for dei som er mellom 18 og 26 år, seier han.
Vil det vere mogleg å opprette ei studentgruppe for lesbiske og homofile?
Dersom nokon er engasjere og vil starte opp, er det mogleg. Det er berre til å ta kontakt med LLH, oppfordrar Magnus Nordbø.