Sanksjoner i plagiatsaken

0

Etter to år med mykje fram og tilbake er resultatet av plagiatsaka endeleg klar. Det vart avklart på styremøtet torsdag 13. mars.

uis-logo_martinarneberg

Av: Elisabeth Skogvold og Malena Martens (tekst)

Marit Boyesen, rektor ved Universitetet i Stavanger kan fortelje at styret støttar seg til vedtaket om sanksjon, gjort av fakultetet Teknat.

Den endelege sanksjonen mot førsteamanuensisen vart skriftleg irettesettelse, eller ei streng åtvaring.
– Skriftleg irettesettelse er ei ordensstraff og ei streng åtvaring som er gitt av ansettelsesmyndighetene. Neste steg etter skriftleg irettesettelse er oppseiing, forklarar juridisk seniorrådgjevar, Gunnar Baustad.

– Sjølv om reaksjonen kan verke mild i relasjon til reaksjonar ovanfor studentar, ved plagiering, må me hugse på at sjølv ei åtvaring kan få større betydning for ein ansatt. Eg tenkjer då på at vi har eit oversiktleg forskingsmiljø i Noreg, seier Baustad.

Som SmiS har skrive tidlegare har det blitt sett i verk institusjonelle, førebyggjande tiltak, som gjer at ein skal bli meir merksam i forhold til liknande saker.