Træ ut av vinterdvalen

0

Om vinteren er det mørkt ute og mange føler ofte at dei treng meir søvn. Å kome tilbake til vanleg døgnrytme etter juleferien er ikkje alltid like lett, men det fins nokon enkle knep for korleis ein kan kome seg opp om morgonen.

Mange føler at dei går inn i ein mild form for vinterdvale og derfor treng meir søvn enn elles.

Av: Linn Slåttedal Jacobsen (tekst) og Katrine Bull-Simonsen (foto)

Vinterdvale er ein djup søvnliknande tilstand som mange dyr er i gjennom vintermånadane. Når dyr ligg i dvale, går alle kroppsfunksjonane langsamt og stoffskiftet er veldig svakt. Mange menneske føler at dei om vinteren går inn i ein mildare form for denne dvalen og treng dermed meir søvn enn dei elles gjer.

– Eg veit ikkje om vi verkeleg treng meir søvn om vinteren, men det er nok ein oppleving av at vi føler oss meir trøytte og trur vi treng det, seier Elisabeth Harbin, universitetslektor ved Institutt for helsefag og bachelor i sjukepleie.

Søvnhormonet melatonin
– Kva gjer at ein oftare er trøyttare om vinteren enn i sommarmånadene?
–Om vinteren er det jo mindre ljos. Dette kan gjere at du får ein forskyving eller ein ubalanse i den vanlege søvnrytmen som styres av hormonet melatonin, seier Bjørn Jarle Vedelden, lege i spesialisering ved nevrologisk avdeling på Stavanger Universitetssjukehus (SUS).

Ljosvariasjon
Melatonin er eit søvnhormon som gjer ein trøytt og dagsljos hindrar utskiling av dette hormonet. Dersom det er mørkt heile tida og ein ikkje får nok dagsljos, vil den naturlige variasjonen med økt melatonin om kvelden og natta, og mindre hormon om dagen kunne bli forstyrra.

Det er også viktig å ha det heilt mørkt på soverommet for å stimulere utskiling av melatonin når ein skal søve. Ein kan seie at ljosvariasjonen gjennom døgnet bidrar til å gje signal til kroppen om når den skal bli trøytt.

– Det fins melatonin i bananar og kirsebær, og det er kanskje ikkje så dumt å ete dette før ein legg seg. Melatonin fins også som søvetablettar, seier Vedelden.

Les meir om tips til å komme ut av “vinterdvale” i neste utgåve av SmiS avis som kjem ut onsdag 16.januar.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here