Eksamens-tidsfordriv

0

Uansett kor god samvittigheit du har etter ein lang dag på lesesalen, fins det alltid eit drøss av fornuftige ting å finne på for å unngå desse grufulle pensumbøkene.

Linn har flere gode grunner til å ikke lese til eksamen. Foto: Privat.

Av: Linn Slåttedal Jacobsen (tekst) 

Ti tips til ting ein kan finne på som nesten kan måle seg på same nivå som eksamenslesinga:

1. Dette er vel kanskje litt meir aktuelt for jenter, men eksamensperioden er ein utmerka tid for å få rommet, leilegheita eller huset på stell. Det er jo alltid noko som burde vore vaska, tørka støv av, rydda eller sortert. For å sei det sånn, rommet mitt er aldri så fint som det er i eksamensperioden.

2. Gå på jobb. Mange studentar har betalt jobb ved sidan av studia. Då dei fleste førelesingane er over for dette semesteret, har du plenty av tid til å opparbeide deg litt større kapital nå fram mot jul. Ta på deg eit drøss av ekstravakter, jobb overtid, ta dobbelvakter, eller tilby å ta vaktene til flittige studentkollegaer av deg som heller vil tilbringe tida på lesesalen.

Stikk då innom tilfeldige førelesningar for litt avkopling

3. Uansett kor interessant det du måtte ha å lese på til eksamen er, er det ofte slik at alt anna enn ditt eige pensum blir tiltrekkande. Motivasjonen for faget ditt er kanskje ikkje heilt der den burde vere for tida, så eksamensperioden er dermed ein fin anledning til kanskje å finne nye studieinteresser. Stikk då innom tilfeldige førelesningar for litt avkopling og for å sleppe det intense stresset om at du er nøydd til å følgje med på førelesaren.

4. Ta opp det du aldri hadde tid til før. Kor lenge har du ikkje tenkt på at du aldri skulle ha slutta med pianoundervisninga, eller satt klatreskoa på hylla? Vel, det er nå eller aldri. No har du masser av tid, pluss at du med dette let tankane sveve utan eit fnugg av eksamensnervar.

5. Ta deg ein ferie! No rett før eksamen er det perfekt å dra av sted og besøkje dei du ikkje hadde tid til å besøkje tidlegare i semesteret. Då sannsynet er stor for at dei sjølv sit i ein stressande eksamensperiode, kan du dermed hjelpe dei med alt det dei sjølv ikkje har tid til av husarbeid, handling og alt det som høyrer kvardagen til. Ros gir nemleg veldig god samvittigheit.

6. Kvifor ikkje starte å sjå ein ny TV-serie du aldri har sett på før? Eg er sikker på at venene dine kan gje deg mange tips til kva for ein serie dei likar, og dermed har du eit sikkert tidsfordriv. Får du ikkje sove om nettene er det berre til å dra fram laptopen og leggje deg godt til rette. Ein kan ofte lære mykje fornuftig av TV-seriar.

7. Ein annan ting du kan finne på er å lese ei god bok. Men ja, sant nok, dette kan for nokon høyras litt keisamt ut og ein film kan verke mykje kjekkare å sjå på, men faktisk er bøker ein fin avkopling. Er du derimot ikkje glad i bøker, fins det alltid artige teikneseriar å lese. Donald er min favoritt.

8. For nokon kan religion vere ein fin ting å ta seg tid til no i denne travle eksamensperioden. Ta deg ein tur i kyrkja, synagogen, moskeen eller kva det enn måtte vere du trur på. Og kanskje du til og med kan be litt om at eksamen skal gå bra.

Motivasjonen vil då vere at du vil sjå mykje betre ut enn medstudentane dine.

9. Har du kanskje lagt på deg litt utover i semesteret og skulle ønskje du kunne miste nokon kilo før ferien tek til, er dette ein perfekt anledning til å trene. Treningssenteret er faktisk av erfaring mykje tommare i eksamensperioden då dei fleste studentane helst vel å opphalde seg på lesesalen. Motivasjonen vil då vere at du vil sjå mykje betre ut enn medstudentane dine.

10. Elles kan du alltids ta for deg nettet og drive nettshopping. Masse fint å finne på nettet, og ikkje minst kan du gjere juleshoppinga her. Og dersom du følgjer mitt andre tips, har du masser av pengar å teke av også.

Det vil forundre meg om du no set deg på lesesalen og les pensumbøker.

 

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here