Dei fleste studentar er innforstått med at det er lurt å byrje tidleg med eksamenslesinga, men det er likevel ulike måtar å førebu seg til eksamen.

Av: Linn Slåttedal Jacobsen (tekst) & Lars André Dahl (foto)
Det nærmar seg eksamen for dei fleste studentar og dei har nok av pensum å teke inn over seg, men både førsteamanuensis Gorm Kipperberg og universitetslektor Elisabeth Harbin, trur at studentane sine allereie no er godt førebudd til eksamen. Kipperberg underviser i mikroøkonomi, medan Harbin underviser i ulike sjukepleierelaterte fag.
‒ Eg trur faktisk dei er førebudd til eksamen, og dette grunna alle oppgåvesamlingane dei får gjennom semesteret, seier Kipperberg.
Det nyttar ikkje å lese i timevis og pugge som berre det eit par dagar før eksamen.
Forståing for faget
Det krev nok ein god del jobbing frå dag ein for å kunne gjere det bra på eksamen, men Kipperberg og Harbin har to litt forskjellige meiningar om korleis ein kan gjere dette.
‒ Det nyttar ikkje å lese i timevis og pugge som berre det eit par dagar før eksamen i eit slikt fag som dette. Ein må jobbe jamt og trutt og innarbeide seg forståing for å få evna til å bruke dei analytiske verktøya som ligg i mitt fag, forklarar Kipperberg.
Han har inga forventing om at studentane skal ha lese seg opp og kunne mykje før førelesingane då han meinar det er urealistisk.
‒ Eg ønskjer at studentane føljer med og byrjar å jobbe med oppgåvene til det kapitlet eg har gått i gjennom på førelesinga slik at dei på ein måte ligg rett bak. Det er oppskrifta til å gjere det bra i mitt fag, seier han.
Harbin meiner på si side at nykkjelen til å gjere det bra på eksamen er nettopp det å møte førebudd på førelesingane, samtidig som ein også jobbar med studiespørsmåla og eksamensoppgåvene som er lagt ut. I tillegg seier ho at det er lurt å jobbe aktivt med å integrere teori og praksis på ferdigheitstreninga.
‒ Det handlar om å forstå, ikkje berre å hugse fakta, seier Harbin.
Eit anna godt tips ho gjer studentane i byrjinga av semesteret er å danne kollokviegrupper ein kan jobbe i.
Les meir om kva Kipperberg og Harbin tenkjer om eksamenspugging i neste utgåve av SmiS avis som kjem ut onsdag 7. november.