Ein tsunami av dårlege avgjersler

0

I går blei det gjort eit vedtak i Velferdstinget(VT) som kan vise seg å vere katastrofalt for studentmiljøet.

Av: Morten Hagen Tveit, førstevara i Studentparlamentet for Studenter for fiksjonsbetinget virkelighet (SFFV)


Onsdag 10. oktober vedtok VT nye retningslinjer, som mellom anna seier at organisasjonar som serverer alkohol ikkje har anledning til å søkja om støtte frå VT si lommebok.

Med eit unntak. Dei kan søke om støtte på opptil 60 000 for å dekkja vakthald. Dette tilleggsforslaget oppstod visst nok når BI sine representantar fant ut at dei ikkje kunne søkja støtte til BI-kroa, og dermed ikkje få dekkja vakthald.

Dette vedtaket i den formen det fikk, vil få konsekvensar som er langt meir alvorlege enn vaktutlegg hos BI-kroa og Tappetårnet. Det set ein presedens i forhold til den politiske prosessen i eit så viktig organ som VT. Ein bøyer forslaget til Arbeidsutvalget (AU) i forhold til dei behova og dei interessane organisasjonar som utroleg nok er sterkt representert i VT har.

Dei sit i VT og løyver pengar til seg sjølv, former vedtak som gagnar dei sjølv og organisasjonane deira.

Det såg ein i vår, då det blei innstilt av AU og vedtatt av VT at ein skulle gå mot retningslinjene for utdeling av driftsmidlar og løyve pengar til Tappetårnet som det gjekk klart fram frå regnskap, budsjett og søknad, ville gå til investeringar.

Det stod klart i retningslinjene at VT deler ut driftsmidlar og skal ikkje løyve midlar til investeringar. Dette gjorde dei medan grunnleggjar og leiar av Tappetårnet satt som representant i VT, med vener frå linjeforeningar og Studentenes Liste. Det er altså den første alvorlege konsekvensen av vedtaket. Ein har kutta ut mellomleddet som lobbyverksamd er og har gitt makta til dei som burde driva med lobbyverksamd. Dei sit i VT og løyver pengar til seg sjølv, former vedtak som gagnar dei sjølv og organisasjonane deira. Det er eit høgst udemokratisk studentdemokrati og ein skummel tendens. VT framstår som ein farse og eit supperåd i forhold til korleis VT oppfattast og behandlast i andre og større studentbyar.

Ei anna konsekvens er homogeniseringa av studentmiljøet og studentkulturen. Det er ingen løyndom at det er tre organisasjonar som får støtte av VT og som serverer alkohol. Det er Tappetårnet, BI-kroa og Studentersamfunnet Folken. Dei har ikkje mykje anna til felles enn at dei alle tre serverer alkohol. Tappetårnet og BI-kroa eksisterer som eit ledd i desse premissleverandørane i VT og Studentparlamentet sin quijotiske jakt etter «god stemning». Det er eit mikrokosmos av stavangerkultur, dårlege trubadurar og middelmåtig stand-up og lovnadar om «god stemning» og «godt liv» – og såklart billig øl, med innslag av høgkultur (presentasjonar av krimbøker). Dei er små stader, med eit i mine auger ræva kulturtilbud, godt tilbud på alkohol (men aldri noko alkoholfokus, så klart!) og med gode rammevilkår i forhold til drifta.

Sistemann her, Studentersamfunnet Folken, er ein stor og samlande aktør. Folken er ikkje bunden av institusjonar (slik som Tappetårnet og BI-kroa er), og er ein arena som er tilgjengeleg for bruk, både av studentorganisasjonar som arrangørar (eit tilbod som er gratis!), eller studentar som gjestar kvar dag, heile dagen. Eit hus som arbeider for eit kulturelt mangfold i studentmiljøet og i oljebyen. Ein blokkerer og saboterer for huset og organisasjonen si utvikling i dette vedtaket og ein feirar og gir ein ekstra dytt til «togapartykulturen», det er ingen av oss tjent med utanom dei som driv det sjølvsagt.

Resultatet av eigeninteressane sitt inntog i VT er ein dårlegare studentby og et dårlegare studentmiljø.

Dessutan ser dei jo ut til å klare seg eigenhendig. Dette vedtaket og dei organisasjonane som støtter det opnar for politisk godteken korrupsjon og ein nedbrytning av eit kulturelt mangfold i studentmiljøet i Stavanger. Resultatet av eigeninteressane sitt inntog i VT er ein dårlegare studentby og et dårlegare studentmiljø. Det er no berre å håpa at Studentenes Liste ikkje stiller til gjenval og at oligarkane på campus ikkje får fylla opp VT med nikkedukkene sine til neste år.

 

Har du en mening i denne saken? Send ditt leserinnlegg til smis@smis.no.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here