Leddknekkingas forunderlige verd

0

 

Av: Linn Slåttedal Jacobsen (tekst)

Det aller verste eg veit, er når folk knekk fingrane sine. Og ikkje kan eg forstå det heller. Det må jo vere vondt og ubehageleg, i tillegg til at det er utruleg ekkelt for dei rundt deg. Og ein kan spørje seg sjølve: har dette ein fysisk, mental eller sosial funksjon, skal det signalisere eit eller anna, eller er det berre ei uvane på vilkår av arv og/eller miljø? Kanskje apane, neandertalarane og homo erectus også dreiv på med dette. Men uansett er det vel tvilsamt at nokon heldt på med det før skapningane på jorda hadde utvikla fingre. Korleis skulle dette i så tilfelle ha gått føre seg? Kanskje dei strekte ryggrad, hale og luffar. Kven veit?

Eg stod i butikken forleden dag for å kjøpe meg ein liten matbit, og etter at kassedama hadde slått inn det eg skulle ha, byrja ho, utan forvarsel, å knekkje knokane sine. Rett framføre meg. Uhøyrd spør du meg. Eg kom meg fortast mogleg vekk derifrå.

Men det verste er dessutan når leddknekkjarane drar i fingrane sine til det lagar ein knekkjelyd. Og det er ikkje nok med berre ein finger, dei skal dra i alle dei ti fingrane dei har til dei alle er blitt ferdigknekte. Eg klarer så vidt å tenkje på det og aller minst sjå eller høyre det. Eg skal ikkje namngje nokon her no, men eg kjenner faktisk folk som driv på med dette på fast basis.

Er du ein leddknekkjar? Då rådar eg deg til å slutte med det med ein augneblink!

Og dersom du no held på med desse spissfindige tinga med fingrane dine, er det nok heller ikkje utenkjeleg at du også knekk tærne dine. Ein frykteleg uvane dette her og. Men igjen ikkje så ille som det å knekkje ryggbeinet. Der treng du dessutan ein medhjelpar til å gjere jobben, og må eg tilføye, ikkje ein særleg god ven.

Er du ein leddknekkjar? Då rådar eg deg til å slutte med det med ein augneblink! Her kjem eit sitat eg fann på nettet, frå ein lege til ein bekymra leddknekkjar:

«Leddknekking er skadeleg for ledda i lengda. Det slit på leddkapselen og leddband og kan gjere at ledda blir slappe og mist styrke. Det vil også etter kvart føre til slitasje i sjølve ledda slik at desse kan bli vonde og stive. Viss du har ein del problem med ledda så ville eg lete fastlegen undersøkje deg. Det er sikkert ikkje noko som vil gå over så lenge du ikkje sluttar med knekkinga.»

Så no veit du det!

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here