Eg er ein gatehustlar

0

Kva er den beste kuren mot regnbyger og dårleg ver? Britisk dancehall så klart.

Cutty Ranks er ein framifrå fyr. Foto: Presse

Av: Morten Hagen Tveit

Eg vil skrive om eit par songar eg har høyrd i hel dei siste ti dagane. Det har ikkje vært så mykje sol og veldig mykje rein, det føler ein i alle fall. Derfor er det kanskje både naturlig og litt rart at eg har høyrd mykje på dancehall, spesielt britisk dancehall, sidan sist eg satt her og skreiv om musikk. Den britiske dancehallen er spesielt kul tykkjar eg, den er liksom litt fjerna frå heile Jamaica/Kingston-greia, så det vil seie at homofobien ofte ikkje er like framtredande som det som kjem frå Jamaica. Dessutan har England og spesielt London eit stort immigrantmiljø frå Karibien.

Eg blir liksom heilt bergtatt av korleis teksten utartar seg

Eg skal prøve å gå litt kronologisk fram her, med Cutty Ranks sin absolutte ragga-klassikar «Limb by Limb», ein song som har blitt sampla og remiksa fram og tilbake sidan den kom ut i 1993. Eg blir liksom heilt bergtatt av korleis teksten utartar seg, ein heilt rett fram gangstergreie er dette her: Limb by limb we a cut dem down / send fi de hacksaw tek out de tounge, er rimeleg klar tale. Dette er berre refrenget. Ikkje noko å spøka med. Så er det ein litan stemme i bakgrunnen i versa, som når han seier Dem want i to come a dem finneral, svarer hånande, What an idiot! Seinere manar stemmen til å Kill dem! som om det nokon gang var noko tvil om kva som skjer i teksten.

http://www.youtube.com/watch?v=P1V4aM4HUGI

Den britiske dancehallen er spesielt kul tykkjar eg, den er liksom litt fjerna frå heile Jamaica/Kingston-greia

På ein noko meir bevisst måte har eg høyrt mykje på Tippa Irie sin «Rebel on the Roots Corner» å plata med samme namn. Tippa Irie er ein av dei old school vokalistane som ennå held fram med toastinga si, bl.a. på The Bug si banebrytande plate «Zoo»og gav ut ei plate i 2010. Her syng han om korleis det var å kome fra Jamacia til London som barn og bli utsatt for rasisme frå både kvite og asiatiske, og korleis det var å vakse opp i London; I don’t know why we left Jamaica / Just for come-a-England and work in a freezer / Fi white man cuss me and call we nigga. Det heile blir understreka av ein basstung produksjon og Tippa sin eigenarta høge stemme.

Greit. Raskt gjennom dei to siste då. Begge er heldigvis av samme artist, Stylo G. Ein relativt ny stemme innanfor britisk dancehall. Begge er sumarhitar fra førre året, «Mi a Yardie» og «Beat Dem Bad». Det er harde produksjonar; We smoke weed / We na sniff charlie. «Mi a Yardie» er ein reindyrka hyllest til gatehustlaren, yardien, mørk nok til å funke rett før stengetid på eit svett rave og lys nok til å funke i hagen på ein sumardag. «Dem Bad» er mykje meir lystig, men også litt yardie: Sit pon de corna wid a hundred dollar bag. Med ein mykje meir tradisjonell dancehallproduksjon enn «Mi a Yardie»: Stylo G a kill dem with de frequent swag. Det er til og med ein Tippa namedrop. Give dem some style like me a Tippa Irie.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here