UiS bryt lova – igjen

8

Universitetet i Stavanger (UiS) fekk i vår ei sterk oppmoding frå Klagenemnda om å endre bruken av studentassistentar. ‒ Det har me gjort, seier rektor og utdanningsdirektør. Likevel bekreftar universitetstilsette sjølve at dette ikkje stemmer.

Av: Eirik Ravnestad Eikefet (tekst) & Eirik Dankel (arkivfoto)

I HARDT VÊR: Universitetet i Stavanger (UiS) følgjer ikkje sine eigne vedtak og forskrifter.

Studentassistentar har ikkje lov til å foreta faglege vurderingar av andre studentar sine oppgåver. Dette gjorde Klagenemnda ved UiS krystallklart i vår etter å ha behandla ei klagesak som omhandla det same. Sensuren på oppgåvene vart stryke, og alle som gjekk i same klasse fekk oppgåvene sine vurdert på nytt.

Vedtaket vart sendt ut til alle fakultet ved universitetet for å forsikre at denne typen praksis tok slutt. Ulike fakultet snakkar tydelegvis ulike språk. Ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet (Teknat) er dette nemleg framleis vanleg.

‒ Studentassistentane går gjennom prøvane og godkjenner dersom det ser greit ut. Dersom det er tvil om prøven skal godkjennast eller ikkje, seier studentassistentane frå til faglæraren, så tek han avgjerda, seier Tore Wiig, fungerande dekan ved Teknat.

‒ Sår tvil om utdanningskvaliteten
I slutninga til klagenemnda står det spesifikt: «Klagenemnda ber Universitetet i Stavanger om å innskjerpe overfor fakultetene hvilke krav som skal stilles til sensurering. (…) Klagenemnda ønsker videre å understreke at det er uten betydning hvorvidt det settes en gradert karakter eller om det bare gis bestått/ikke bestått

‒ Er det greit at studentar gir andre studentar karakterar?
‒ Det er ikkje snakk om karaktersetjing, det er snakk om bestått/ikkje bestått. Det ser eg ikkje på som ei problemstilling. Teknat følgjer vedtaket i klagenemnda, seier Wiig.

Leiar for StudentOrganisasjonen (StOr), Morten Rønne, er ikkje imponert over kunnskapane til dekanen. Han meiner at det er svært alvorleg at universitetet ikkje greier å følgje loven.

FAKSIMILE SMIS 12, 2010: Sensurforskriftene ved UiS blei i fjor haust funne ulovlege.

‒ Vedtaket seier at det er irrelevant om det gjeld karaktergjeving eller retting. Det er ikkje bra at folk ikkje har fått med seg dette endå. Særleg dumt er det når ein dekan uttalar seg på denne måten. Ein kan byrje å lure på korleis ting fungerer. Dette sår stor tvil om kvaliteten på vurderinga som vert gjort og utdanninga ein leverer, seier Rønne, og utdjupar;

‒ Når studentane kjenner kvarandre, tilhøyrer dei same linjeforeningane, og går på dei same festane kan dei ikkje vere sensorar i tillegg. Dette reiser store spørsmål om habiliteten, seier Rønne.

UiS og StOr var ueinige om tolkinga sensurforskriftene til universitetet også for eit år sidan. Då vart myndigheitene kobla inn i saka.

‒ I fjor var det ei liknande sak om sensurreglar der universitetet også braut lova. StOr tok då kontakt med Kunnskapsdepartementet (KD), og fekk hundre prosent støtte, seier Rønne.

‒ Heilt uproblematisk
I ein av fysikk-klassane ved Teknat vart det nyleg gjennomført ei oppsummeringsprøve. Den skulle kartleggje kva for kunnskapar studentane hadde midtvegs i semesteret. Av rundt 600 studentar fekk alle bortsett frå to godkjent. Dei som sensurerte og godkjente prøvane var studentassistentar.

‒ Dei tala stemmer nok, ja. Det var ikkje ein eksamen, berre ei oppsummeringsprøve midtvegs i semesteret der studentane måtte levere inn oppgåvene sine. Det einaste desse oppgåvene gjer er å bestemme om studenten får lov til å gå opp til eksamen eller ikkje, seier Wiig.

‒ Kan ikkje dette gjere at nokre slepp lettare gjennom enn andre?
‒ Eg tykkjer ikkje det er problematisk at nokre kan sleppe lett gjennom. Karakteren blir uansett fastsett etter ein ordentleg eksamen. Dersom studentane får lov til å gå opp til eksamen, får dei vise om dei kan noko eller ikkje. Det skjer ingenting alvorleg, seier han.

‒ Gjer de ikkje studentane ei bjørneteneste slik det er no?
‒ Nei, dei får jammen meg ta ansvar for eiga læring. Dei må uansett kunne det dei skal når dei går opp til eksamen, seier Wiig.

Det einaste desse oppgåvene gjer er å bestemme om studenten får lov til å gå opp til eksamen eller ikkje. – Tore Wiig, fungerande dekan ved Teknat.

‒ Reglar er til for å følgjast
Universitets- og høgskulelovens § 3-9 stiller følgjande krav til gjennomføring av sensur: «Universiteter og høyskoler skal sørge for at studentenes kunnskaper og ferdigheter blir prøvet og vurdert på en upartisk og faglig betryggende måte. Vurderingen skal også sikre det faglige nivå ved vedkommende studium(…)». Utdanningsdirektør Kristoffer Henrichsen er klar på kva syn UiS har på sensurreglar.

‒ Universitetets holdning er relativt enkel å referere til; den samsvarer med vedtaket i klagenemnda frå i vår. Dersom nokon fører ein praksis som er i strid med dette vedtaket er det svært alvorleg. Eg har bedt dei ulike fakulteta om å gjere rede for kva for ein praksis dei fører, og ventar no på svar. Reglar er til for å følgjast, seier Henrichsen.

Rektor Marit Boyesen vil ikkje uttale seg om enkeltsaker utan å ha sett seg inn i dei først. Ho er likevel einig med Henrichsen i at vedtaket i klagenemnda er den offisielle holdninga til universitetet.

‒ Dersom nokon følgjer ein annan praksis enn det dei skal, må me rydde opp i det. Det skal ikkje vere slik, seier rektoren.

Ho kan ikkje seie noko om kva universitetet vil gjere i saka.

‒ Først må me sjå litt på kva det dreier seg om, og korleis det praktiserast. Dersom det viser seg at noko strider mot vår haldning er det veldig, veldig uheldig. Då må me sjå på kva slags tiltak me skal iverksette, og finne ei god løysing saman, seier Boyesen.

Det er ikkje snakk om karaktersetjing, det er snakk om bestått/ikkje bestått. Det ser eg ikkje på som ei problemstilling. – Tore Wiig, dekan ved Teknat.

‒ Tilfeller ved fleire institutt
StudentOrganisasjonen har opplysningar om fleire institutt som bruker studentassistentane på same måten. Fag- og læringsmiljøansvarleg i StOr, Daniel Haug Nystad, fortel at organsisasjonen har teke problemet opp med leiinga fleire gongar, men at dei framleis ikkje har fått svar.

‒ I dei sakene StOr kjenner til er det langt fleire som har stått på prøvane enn det som er vanleg. Midtsemesterprøvane syner betydelege og systematiske skilnader. Det har skjedd i store delar av Teknat-fakultetet. I tillegg kjenner me til eit institutt på SV-fakultetet som praktiserer det same, og har ubekrefta mistanker om fleire andre, seier Haug Nystad.

Dekan for SV-fakultetet, Einar Marnburg, kjenner ikkje til at nokon ved fakultetet hans bryt med vedtaket til klagenemnda.

‒ Alle har fått tilsendt vedtaket og skal vere klar over kva som står i det. Studentassistentar skal kun nyttast som hjelpelærarar, ikkje som sensorar. Såvidt eg veit er det ingen ved mitt fakultetet som bryt med dette, seier Marnburg.

Det er oppsiktsvekkjande at ein dekan kan utvise så manglande forståing av kva kvalitetsnivå eit universitet skal tilby. – Daniel Haug Nystad, fag- og læringsmiljøansvarleg i StOr.

Økonomien avgjer
Teknat-dekanen hevdar bestemt at retningslinjene fakultetet hans følgjer er innanfor det som er den offisielle haldninga til UiS. Haug Nystad i StOr er ikkje einig.

‒ Det er oppsiktsvekkjande at ein dekan kan utvise så manglande forståing av kva kvalitetsnivå eit universitet skal tilby. Viss det viser seg at dette er ein utbredt praksis har me eit særdeles alvorleg problem på Universitetet i Stavanger, seier Haug Nystad.

Tore Wiig ved Teknat meiner at økonomiske rammer ikkje tillet fakultet å gjere det på nokon annan måte slik det er i dag.

‒ Det vil verte mykje dyrare å gjere det på ein annan måte. Eg meiner at det er innanfor rammene for kva som er lov, seier han.

StOr-leiar Morten Rønne er krystallklar på kva han meiner om uttalelsane til Wiig.

‒ Dersom universitetstilsette ikkje har tid til å rette prøvar sjølve, har ikkje universitetet råd til å utdanne studentar, avslutter StOr-leiaren.

Dersom universitetstilsette ikkje har tid til å rette prøvar sjølve, har ikkje universitetet råd til å utdanne studentar. – Morten Rønne, StOr-leiar.

Vedtaket i klagenemnda

  • Den som sensurerer prøvar skal anten vere faglærar, annan intern sensor eller ekstern sensor.
  • Studentassistentar kan ikkje reknast som interne sensorar.
  • Studentassistentar har ikkje lov til å foreta faglege vurderingar som dannar grunnlag for ein karakter eller bestått/ikkje bestått.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here