Rydda opp i rotet

0

Lasse Heggedal trakk seg i førre veke som nestleiar i StOr.  I dagens parlamentsmøte kom det fram at han har brukt  37 000 av 44 000 budsjetterte kroner til ein reklamekampanje for studentvalet, som han ikkje hadde godkjenning for.

Av: Maria Gilje Torheim (tekst) & Martin Veiåker Totland (foto)

RYDDA OPP: Ordstyrar Kathe-Mari Solberg Hanssen, StOr-leiar Morten Rønne, og midlertidig nestleiar i StOr Daniel Haug Nystad måtte ordne opp i rotet under dagens parlamentsmøte.

Studentparlamentet ved Universitetet i Stavanger (UiS) møttes i dag til eit ekstraordinært møte for å omhandle saka om den tidlegare nestleiaren i StudentOrganisasjonen (StOr), Lasse Heggedal sitt store pengebruk, som førte til at han i førre veke gjekk av som nestleiar og samstundes trakk seg frå alle sine verv ved UiS.

Heggedal hadde i forkant av studentvalet fått godkjenning frå valkomiteen og studentstyreleiaren om å gå i dialog med Melvær og Lien, eit svært profilert reklamebyrå i Stavanger, om ein stor reklamekampanje. Studentpolitikarane vona denne kampanjen skulle gjere valet meir synleg og føre til høgare valdeltakelse. Dette gjekk ikkje akkurat som planlagt.

Åt opp budsjettposten
Heggedal gav reklamebyrået klarsignal om å setje i gong med kampanjen, utan godkjenning frå stydentstyret. Då totalprisen for kampanjen enda opp på om lag 46 000 kroner av eit busdsjett på 44 000, byrja jobben med å prøve å få seg ut av situasjonen.

“Da leder ble gjort kjent med beløpene begynte man å undersøke hvordan man kunne komme seg ut av kampanjen, siden den spiser opp hele budsjettposten. For det arbeidet Melvær og Lien hadde gjort skulle de ha 29 000 kroner”, står det i sakspapira til parlamenstmøtet.

Heggedal skal også ha unnlatt å nemne for parlamentet at totalbeløpet var rekna utan moms, og rekamekampanjen enda då til slutt opp på 37 000 kroner.

“Dette er en svært uheldig situasjonen og kommer som følge av at vi på grunn av nestleders ureglementerte bruk av budsjettposten, dessverre har svært lite igjen på den”, står det vidare i sakspapira.

Nestleiaren følte at han ikkje lenger hadde tillit nok hjå studentar og hjå studenpolitikarane til å halde fram i sitt verv. Det var hans eige val om å trekkje seg. – Morten Rønne, StOr-leiar.

– Ikkje god nok for jobben
Dagens parlamenstmøte gjekk i dag ut på å finne meir pengar til vidare profilering av studentvalet, i tillegg til å avgjere val av ny nestleiar. Første del av møtet vart lukka for pressen. Leiar i StOr forklarar det på bakgrunn av saken sitt omfang.

– Vi diskuterte allerie før nestleiaren trakk seg at vi ville lukke saken om studentvalet og diskusjonen rundt kva som har skjedd, fordi vi meiner det ikkje har noko i det offentlege lys å gjere, og fordi vi ville verne om nesteleiaren, seier StOr-leiar, Morten Rønne.

Sjølv har Heggedal uttalt at han valte å trekkje seg fordi han meiner han ikkje er god nok til jobben, og fordi han ikkje har tillit til å halde fram i den.

Rønne meiner det ikkje handlar om lite tillit hjå Studentparlamentet og studentstyret.

– Studentparlamentet og studentstyret har ingen mandat til å uttrykke mistillit til han som nestleiar, men nestleiaren følte at han ikkje lenger hadde tillit nok hjå studentar og hjå studenpolitikarane til å halde fram i sitt verv. Det var hans eige val om å trekkje seg, seier Rønne.

Nestleiaren brukte meir pengar enn vi hadde sett føre oss til marknadsføringen av studentvalet. – Morten Rønne, StOr-leiar.

– Brukte for mykje pengar
Parlamentet bestemte i dagens møte om å ta 10 000 kroner frå eigenkapitalen, og har no 17 000 kroner til rådigheit til sjølve profileringen av valet.

– Nestleiaren brukte meir pengar enn vi hadde sett føre oss til marknadsføringen av studentvalet, og det tyder at parlamentet valte å ta 10.000 kroner frå eigenkapitalen for å få nok pengar til å gjennomføre marknadsføringen, seier han.

– Tyder dette at dykk ikkje har like mykje å rutte med til studentvalet samanlikna med tidligare år?

– Det er sjølvsagt litt mindre, men til samanlikning nytta vi i fjor kun 22.000 kroner til marknadsføringen av valet, så det er ikkje så dramatisk som det høyrest ut, seier Rønne.

Sjølve råmaterialet til reklamekampanjen ligg framleis til rådigheit, og StOr kan framleis nytte dette om ynskjeleg.

– Vi har ikkje tatt stilling til kva vi gjer med denne reklamekampanjen enno, seier Rønne.

TAR OVER: Daniel Haug Nystad går inn som midlertidig nestleiar i StOr til neste parlamensmøte.

Treng ny nestleiar
Nestleiarkontoret står no tomt, knappe tre månadar sidan Heggedal flytta inn. No gjenstår det å finne ein erstattar for Heggedal, men enn så lenge har parlamentet bestemt at tidligare StOr-leiar Daniel Haug Nystad skal ta over nestleiarstillinga fram til neste parlamentsmøte. Dette fordi parlamentet meinte dei trengte meir tid for å informere innstillingsutvalet og å gjennomføre intervju av kandidatane.

Haug Nystad er nøgd med å steppe inn på kort varsel, sjølv om han allereie har eit anna verv i StOr.

– Det er ikke ynskjelig for StOr å stå utan nestleiar, så med tillit hjå parlamentet, tiltrer eg med umiddelbar verknad, seier Haug Nystad, og understreker at situasjonen ikkje vert permanent.

Allereie neste parlamentsmøte 26 oktober, som vert utsatt ei veke på grunn av situasjonen, skal ein ny nestleiar i StOr velgjast. Tre kandidatar har sagt at dei ynskjer stillinga, men den vert utlyst heilt fram til neste møte.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here