Lasse Heggedal går av som nestleiar i StudentOrganisasjonen (StOr) med umiddelbar verknad.
Av: Eirik Ravnestad Eikefet (tekst & foto)

Det var etter samtalar med Studentstyret tidlegare i dag at Heggedal valde å trekkje seg frå vervet sitt som nestleiar i StudentOrganisasjonen (StOr).
– Eg kjenner at eg ikkje er god nok for å halde fram i dette vervet. Behandlinga mi av ei særskild sak har vore utilstrekkeleg. Studentstyret har difor mista tillt til meg, seier Heggedal til SmiS.
Han vil ikkje kommentere kva sak det gjeld.

– Dette handlar studentane sitt beste. Eg trekk meg no frå alle mine verv i studentpolitikken, seier Heggedal.
Han representerer også StOr i eit eige utval på Humanistisk fakultet.
Kallar inn til ekstraordinært møte
– Me tek avgjerda til etteretning, seier Morten Rønne, leiar i StOr.
Han vil ikkje gå nærare inn på kva grunnar Heggedal hadde for å trekkje seg anna enn at det har med det komande studentvalet å gjere. Studentstyret kallar no inn til ekstraordinært parlamentsmøte på tirsdag for å diskutere korleis dei skal løyse saka.
– Me forsøker å få inn ein ny nestleiar så snart som mogleg, men me har foreløpig ingen konkrete namn på blokka. Det er dette me skal behandle på møtet, seier Rønne til SmiS.