Slår ikkje like hardt

0

Film: Kung Fu Panda 2
Regi:
Jennifer Yuh
Skuespillere:
Jack Black, Jackie Chan, Angelina Jolie, Seth Rogen, Gary Oldman, Dustin Hoffman, Lucy Liu
Land/lengde/år:
USA/1 t. og 30 min./2011
Anmeldt av:
Eirik Ravnestad Eikefet

Karakter: D

Den småfeite, klønete men snille pandaen Po er tilbake. Tre år etter å ha bekjempa den vonde snøleoparden Tai Lung, og med det redda Fredsdalen, nyt han livets glade dagar som dragemeister. Saman med kung fu-meisterane og venane, Dei Fantastiske Fem, prøver Po å få meir mat i munnen enn nokon gong tidlegare.

Kosen varar imidlertid ikkje lenge. Plutseleg må dyrevenane ut på eit nytt eventyr. Denne gongen er det ikkje ein skummel snøleopard som trugar freden, men ein smalauga påfugl. Høyres det ikkje like farleg ut? Tja, det er nok ein grunn til at påfuglar ikkje er å finne som erkeskurkar i mange filmar. Men, påfuglen er heldigvis for sin eigen del ikkje åleine. Med seg på laget har han hordar av mørke, væpna og lite hyggelege ulvar og gorillaer.

Påfuglen og hæren hans er ikkje ute etter å få nye venar. Dei skal ta over Kina, og deretter heile verda med eit nytt og skummelt våpen som ”tek livet av kung-fu”. Tidlegare stormeistrar har kapitulert, og ingen tør å gjere noko i frykt for å bli råka av det nye våpenet. Ingen utanom Po og venane hans; tigeren, apen, storken, slangen og knelaren – det vesle grashoppe-liknande insektet.

Historia i andrefilmen er mørkare, tristare og meir omfattande enn i den første. Regissøren er byta ut og filmen har fått eit nytt uttrykk. Sjølv om Po framleis er sjarmerande, klønete og til tider ganske dum, er det ikkje det same drivet over filmen. Den første filmen var underhaldande både for born og vaksne. Humoren og replikkane i oppfølgjaren er litt for enkle å lese, og filmen passar såleis ikkje like godt for vaksne.

Når alt anna er laga for å passe små born, tykkjer eg det er rart at tonen og historia er meir alvorleg. Denne filmen kan nok til tider vere ganske skummel og trist for dei minste. Kung Fu Panda 2 havnar difor mellom to stolar for meg. Det lykkast ikkje skaparane å lage den same sjarmerande forteljinga som førstefilmen fekk så godt til. Regissøren bit over litt meir enn ho klarar å tyggje, og filmen ber preg av det.

Dersom du likar animasjonsfilm eller kampsport vil du likevel få grei underhaldning i halvannan time. Grafikken er til tider strålande, og det vert mange storslagne eksplosjonar og kampscener. Dersom du sit att med den same ubestemmelege kjensla som meg etter å ha sett filmen, treng du ikkje fortvile: Det kjem garantert ein oppfølgjar til.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here