Solar seg ikkje på stranda

0

Den norske sandvolleyballduoen Tarjei Skarlund og Martin Spinnangr er klare for verdsserien i sandvolleyball i Stavanger. Dei to har forhåpningar om å kopiere suksessen frå i fjor, men forventar det ikkje.

Av: Eirik Ravnestad Eikefet & Pål Karstensen ( foto)

SMERTEFULLT: Det er ikkje berre sol, strand og ferie for sandvolleyballspelarar. Her får Tarjei Skarlund nødvendig behandling av fysioterapeut Maria Øgreid Leitao.

I fjor vart det andreplass for dei norske gutane, etter at dei tapte finalen mot tyskarane David Klemperer og Eric Koreng. Det er den beste prestasjonen nokon gong av eit norsk sandvolleyballpar i Stavanger. Resultatet overraska alle, og publikum var svært nøgde med dei norske stjerneskota. No er sesongen i gong på ny, og det er berre ein dryg månad til turneringa brakar laus i Stavanger.

– Full klaff
SmiS treff dei to tidlegare Stavanger-studentane på Stavanger Idrettsklinikk, der dei får den behandlinga dei treng mellom trening og turneringar. Strandkjempane veit ikkje kva det var som gjorde at det gjekk så bra i fjor. Dei forbereda seg på vanleg måte, og det same har dei tenkt til å gjere i år.
– Eg kan ikkje kome på at me gjorde noko spesielt i fjor. Me fekk rett og slett full klaff, og me fekk ut det fulle potensialet vårt over fleire kampar. Me spelte bra og gjorde ting slik me skulle, og då kom resultata. Me har også eit veldig godt støtteapparat som gjer alt for oss, og då slepp me å bruke energi på å tenkje på anna enn spelet vårt, seier 24-åringen Martin Spinnangr.
Han har tidlegare teke ein bachelor i petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger (UiS), og skal byrje på masterstudier ved universitetet til hausten.
Aldri på ferie
Sjølv om dei to får reise rundt i store deler av verda for å spele turneringar, må du ikkje tru at dei er på ferie. Det er stort sett hard trening heile tida, og planane er lagde på førehand.
– Det blir ikkje tid til mykje turistaktivitetar når me er ute og reiser. Det hender at me kan sjå oss litt omkring av og til, men det er ikkje mykje me får tid til å sjå. Treningsopplegget varierer frå stad til stad, men det er langt frå berre ferie å drive med sandvolleyball, seier Spinnangr.

GLER SEG: Martin Spinnangr (t.v) og Tarjei Skarlund ser fram til å spele framfor publikumet i Stavanger, som dei meiner er verdas beste. (Foto: Stephen Olsen)

Smertefull behandling
Kameraten gir sitt uuttalte samtykkje frå benken, der han får akupunktur, massasje og behandling av fysioterapeuten Maria Øgreid Leitao. Det ser ved første blikk ut som ein svært behageleg måte å starte dagen på, men den tanken blir fort avkrefta då den store, breiskuldra mannen på benken skrik ut i smerte gong på gong.
– No er du stygg med meg, Maria!, ropar Tarjei Skarlund etter at fysioterapeuten vrir rundt ei nål i den venstre skuldra hans.
Ho berre smilar, og sett inn ei ny nål.
– Eg kjenner gutane godt, og arbeider tett med dei. Dei er som regel svært greie. Det er viktig at dei får god behandling når dei først er i Stavanger, seier Øgreid Leitao.
Skarlund er einig, sjølv om kroppsspråket hans seier noko anna.
– Det er ikkje godt å få behandling, men det gjer godt. Kroppane våre vert utsett for mykje slitasje med all treninga, og då er det viktig å vedlikehalda dei når me har moglegheita. Det er heilt nødvendig med oppfølging på det nivået me speler på, konstaterer Skarlund.

Forhåpningar, ikkje forventningar
Duoen gler seg veldig til å spele framfor publikum i Stavanger igjen, som dei meiner er eit av verdas beste.
– Det er ein av dei beste byane i heile sandvolleyballsirkuset. Publikumet her er heilt fantastisk. Det seier eg ikkje berre fordi eg er norsk – dei andre utøvarane trekk også fram Stavanger som ein av dei beste stadane å spele. Om det ikkje er den beste sandvolleyballbyen i verda, så er han i alle fall inne på topp to, seier Skarlund.
Gladgutane skal gjere alt dei kan for å kopiere fjorårssuksessen, men dei understrekar at det ikkje berre er å gå ut på bana og vinne. Mykje skal klaffe om det skal verte finale også i år. Dei håpar på fullt trykk frå publikum, og mange folk på tribunane.
– Eg håpar ikkje nokon forventar at resultatet skal bli det same som i fjor. Me må berre forsøka å gjennomføre slik me ønskjer, og så får resultata kome etter det. Eg ønskjer at publikum skal ha forhåpningar om at me skal gjere det bra, men eg håpar ikkje dei har forventningar. Me skal uansett gjere så godt me kan, seier Spinnangr.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here